Her er sommerens hotteste tilbehør

Nærbilde av hånd med ulike smykker i gull
Nærbilde av kvinne med halssmykker som ligger lag på lag
Kvinne med hvite solbriller og skaut på hodet

Fyll garderoben med 70-talsinspirerte solbriller, silkeskjerf og store vesker. Vi har samla sommarens mest trendy detaljar. Lat deg inspirera!

More is more

Det er ikkje noko som seier, sommar, meir enn gullsmykke mot solkyssa hud. Denne sommaren skal smykka og armbanda ligge lag på lag. Jo fleire, jo betre! Sjå etter store og små lenkjer, og bland gjerne nye og gamle smykke i ulike storleikar. Du kan og blanda sølv og gull, og små perler dersom du ønskjer det. Både kvite og farga perler er populært denne sommaren, og ser ekstra fint ut i kombinasjon med solbrun hud og kvite sommarkjolar. Det er også populært med små ringar av gull i øyro, også kalla hoops.

Tips! Lat hendene vera i fokus og bruk ringar på alle fingrane – gjerne fleire på same finger. Her kan du setje saman alt frå tynne ringar til store statement-ringar.

Silkeskjerf

Silkeskjerfet kan stylast på mange ulike måtar – anten du brukar det som skaut på hovudet, som hårband, rundt halsen, i hestehalen eller som belte. Kanskje har du allereie eit liggjande i garderoben, om ikkje har butikkane for lengst kasta seg på trenden. Her finn du alt frå sarte pastellar og blomemønster til sterke fargar som kongeblått og oransje. Vel eit som passar stilen og garderoben din, og hugs at det kan stylast på fleire måtar.

Tips! Gje veska di eit hint av sommar ved å knyte eit silkeskjerf i det eine handtaket.
Kvinne med silkeskjerf på ryggen