Dette er sommerens største trender

Nærbilde av en kvinne med pastellgul shorts og matchende blazer
Nærbilde av en kvinne som poserer i kort strikkekjole med en lyserosa blazer over mens hun holder en veske i hendene

Årets sommarmote byr på sarte pastellar, gingham-ruter og skjortekjolar i fantastiske material som lin. Slik stylar du sommarens største trendar.

Etter altfor mange månader pakka inn i ull, skjerf og tjukke jakker, er det godt å endeleg kunne kle seg i lette, lyse sommarplagg. Butikkane flyt over av lekre nyhende, og denne sommaren er det som vanleg enkelte trendar som regjerer. Under deler vi nokre av sommarens trendar, og tips til korleis du kan style dei ulike plagga.

Ruter

Ruter, også kalla gingham-ruter, er å sjå over alt denne sesongen. Gingham-ruter har vore av og på i motebiletet dei siste åra, og er rekna som ein klassikar. Dei små rutene finst på alt frå matchande sett til kjolar og skjørt. Gå for den klassiske raude og kvite varianten, eller kombiner dei kvite rutene med ein av sommarens gule, grøne eller rosa pastellar. Oransje og blå ser og lekkert ut saman med dei kvite rutene.

Stylingtips! Ta sommarens kjole med ruter og puffermar, og bruk han over ein kul jeans på kalde sommardagar.

Strikkakjole

Du har kanskje allereie ein strikka kjole hengande i skåpet? Han var det store trendplagget i haust og vinter, og det ser ikkje ut til at vi blir kvitt han med det første. Sommarens variant er gjerne lang eller halvlang, og kjem både med og utan armar. Fargane som går att er brun, beige og militærgrøn, noko som gjer han enkel å style. Kva med å gå for eit par trendye plattformsandalar for en sommarleg look? Sleng over ein skinnjakke eller blazer, og du er klar for å gå ut døra. Eller kva med å bruke ein strikkegenser over? Her kan du godt gå for ein genser i same farge som kjolen, slik at antrekket går ton-i-ton.

Stylingtips! Har du valt ein litt romsleg variant av strikkakjolen, er det fint å ta på eit belte for å markere midja. Gå for eit belte i svart eller brunt skinn, og let gjerne enden på beltet henge ned.

Pastellfarger

Kva er vel ein sommar utan pastellfargar? Dei sarte pastellane er midt i blinken for deg som ikkje liker for mykje fargar. I sommar er det særleg pastellar som gult, grønt og rosa som gjeld, men òg lilla og blått er populært. Du finn fargane på alt frå søte sommarkjoler og til den trendy joggedressen. Kle deg i pastellar frå topp til tå, eller få ekstra sommarkjensle ved å kombinere ein av pastellane med lyseblå denim eller kvitt. Du kan òg kombinere dei ulike pastellane med kvarandre.

Stylingtips! Sleng ein pastellfarga blazer over ein kvit blondekjole. Blazeren fungerer også fint til både bukser og shorts.
Nærbilde av overkroppen til en kvinne som har på seg blondebluse og holder en hvit veske