3 hår- og sminketrender som gjelder nå

Nærbilde av en modell som får øynene sminket
Nærbilde av halve ansiktet til en modell med rosa eyeliner og ferskenfargede lepper
Nærbilde av modell som blir sminket av makeup-artist.

Set opp håret med trendye hårklyper eller gå for ein fargerik eyeliner. Her er tre trendar du bør prøve i sommar.

Sommaren er rett rundt hjørnet og vi lengtar etter å fylle sminkepungen med nye favorittar. Heldigvis er butikkhyllene fylt med alt du treng til årets sommarlook – anten du vil prøve ein ny augeskuggepalett eller treng nye hudpleieprodukt.

Auga i fokus

Ettersom dei fleste av oss går med munnbind store delar av dagen, er det naturleg at auga er i fokus denne sommaren – alt frå «fox eye» à la Kendell Jenner til farga eyeliner og grafisk liner. «Fox eye» har lenge vore ein favoritt blant kjendisane, og både Kendell Jenner og Bella Hadid er stadig sett med denne type augesminke. Sminkelooken gjev andletet eit løft og skapast ved å dra augeskuggen opp mot tuppen av augebrynet, og samstundes leggja ein tynn eyeliner forma som ein «v» i augekroken. Sjekk gjerne ut YouTube for gode tips til korleis du gjer det steg for steg.

Ein annan populær trend vi ser denne sommaren, er farga eyeliner – både den klassiske eyelineren og grafisk eyeliner. Begge deler gjer at auga synes litt ekstra og er ein enkel måte å gje sminken det vesle ekstra. Kva med å byta ut den svarte eyelineren med ein eyeliner i rosa, eller kanskje ein grafisk eyeliner er meir deg? Ein grafisk eyeliner er hakket meir kreativ enn ein vanleg eyeliner. Her kan du leike deg med både form og farger, og sleppe fantasien laus.

Tips! Byt ut eyelineren med ein farga augeskugge og bruk ein kost til å leggja augeskuggen langsetter vippekanten.

Sunn og naturleg hud

Det er inga tvil om at hud har vore eit heitt tema dei siste åra, og i år er inga unnatak. Denne sommaren er det sunn og naturleg hud som tronar øvst på lista – ein perfekt look for deg som ikkje ønskjer å bruke for mykje tid på sminke. Sjå etter produkt med mykje fukt – gjerne ein BB-krem – og hugs å klargjere huda godt på førehand. Du kan gjerne bruke både blush og highlighter, men hugs at huda skal vera så naturleg som mogleg. Eit tips er å gå for kremprodukt, då desse smeltar inn i huda og gjev ein naturleg glød.

Tips! Kjøp ein rosa eller ferskenfarga kremblush og bruk han i kinna, på auga og litt på nasetippen. No er det og populært å dra blushen heilt opp på tinningen.
Nærbilde av ansiktet til en kvinne med naturlig sminke som smiler og påfører krem i kinnet
Miljøbilde av en kvinne med lyst hår og pannelugg
Nordisk kvinne med lyst hår og pannelugg som smiler til kamera
Steg 1
Kvinne som holder en tvinnet flette, sett bakfra
Steg 2
Steg 3

Sommarlege hårfrisyrer

At 70-talet held fram med å inspirere oss er det inga tvil om. No skal alle ha oppklipt hår og gardinlugg – gjerne med masse volum. Både dei oppklipte lengdene og gardinluggen får håret til å sjå tjukkare ut, og frisyren skal helst sjå litt rufsete og tilfeldig ut når du går ut døra. Som namnet på gardinluggen tilseier, skal luggen liggja som ei gardin dregen til kvar side av andletet. For å få til dette er det mange som nyttar ein stor hårrull i luggen. Desse er geniale for å få ekstra mykje volum og gjer at luggen legg seg naturleg rundt andletet ditt. Du kan og bruke hårrullane i resten av håret om du ønskjer mykje volum, sjølv om du ikkje har lugg.

Tips! Set opp håret i ein laus knute i nakken og lat gardinluggen hengja laust, og vips, du har ein hårfrisyre til både kvardag og fest. .

Du kan og bruke ei trendy hårklype til å feste håret. Hårklypa har teke trendsettarane med storm og kjem i alle slags farger og storleikar – ofte med glitter og små steinar.

Slik lagar du ein enkel frisyre med ei hårklype

  1. Grei ut flokane i håret og del håret i to like seksjonar. Lat litt av luggen hengja att laust framme i andletet, slik at frisyren får ein meir naturleg look.
  2. Tvinn dei to seksjonane saman til ei flette. Her er det viktig at du held godt på fletta, slik at ho ikkje losnar før du rekk å setja i hårklypa.
  3. Lyft fletta opp og vri ho rundt på midten, slik at spissen på halen peiker ned og kan gøymast i hårklypa. Fest så hårklypa godt. Når klypa er festa, kan du gjerne nytta fingrane til å losne litt på håret om du ønskjer ein meir tilfeldig frisyre.
Nærbilde av kvinne med håret satt opp av hårklype, sett bakfra
Ferdig resultat