Skin Tonic og Zavanna utvidar butikkane

Skin Tonic og Zavanna skal utvide og fornye seg, noko som vil gi kundane våre eit endå sterkare tilbod fram mot julehandelen.

June Gullaksen - Skin Tonic
Butikksjef og ny eigar på Skin Tonic, June Gullaksen.

Det skjer mykje spennande på butikkfronten i AMFI Knarvik i haust!

Skin Tonic flyttar frå dagens lokale til det tidlegare Wagner-lokalet på andre sida av gata. Den nye butikken blir både større og meir moderne, med plass til eit breiare vareutval og nye satsingar.

Samstundes tek noverande dagleg leiar, June Gullaksen, over eigarskap og drift av butikken sjølv. Skin Tonic vil framleis vere ein del av Skin Tonic-kjeda, slik at kundane fortsatt finn dei kjende merkevarene innan hudpleie, kosmetikk, parfyme og velvære.

Parfyme og hudpleie/make-up er ei viktig varegruppe for senteret, og i den nye butikken blir dette området styrkt ytterlegare. Kundane kan også sjå fram til ei betydeleg større veskeavdeling med fleire kjende merkevarer og eit breiare utval enn tidlegare.

Skin Tonic vil halde ope i eksisterande lokale så lenge som mogleg. Etter planen opnar den nye butikken måndag 2. november.

Zavanna utvidar

På den andre sida av gata skjer det også spennande ting. Når Skin Tonic flyttar ut, startar Zavanna utvidinga av butikken inn i dagens Skin Tonic-lokale.

Planen er å starte ombygginga i byrjinga av november. Zavanna vil halde butikken open gjennom ombyggingsperioden, slik at kundane kan handle som normalt medan arbeidet går føre seg. Den utvida butikken er venta å stå klar før det største julerushet tek til.

Styrker tilbodet på senteret

Senterleiar Åge Torsvik er svært nøgd med at planane no blir realiserte.

– Dette er noko vi har arbeidd med over tid, og det er veldig kjekt å sjå at vi no får det på plass. Skin Tonic får større og betre rammer for vidare vekst, samstundes som Zavanna får utvide slik dei ønsker. Til saman gir dette kundane våre eit endå betre tilbod og styrker handelsopplevinga på AMFI Knarvik, seier han.