Sjå glimt frå moteshowet!

Det vart både haustmote, inspirasjon og god stemning då butikkane våre viste fram sesongens nyheiter under moteshowet torsdag 15. oktober.

Ladies igjen
Antrekk frå Ladies & Gentlemen. Foto: Trond Spurkeland.

Bla deg gjennom bileta og sjå nokre av de flotte antrekka frå moteshowet under Prisfest torsdag 15. oktober.

Det vart skikkeleg catwalk-stemning på AMFI Knarvik då vi inviterte til moteshow under Prisfest! Publikum fekk sjå eit variert utval av haustens nyheiter innan mote, sko og tilbehøyr, kombinert med inspirasjon innan make-up og velvære.

På catwalken viste Sport Outlet, Ladies & Gentlemen, Sport 1, Lindex, ONLY, Zavanna, Farmors Hus og Eurosko fram antrekk og favorittar for sesongen. Haustmoten byr på varme jordtonar og mykje brunt, ruter og lag på lag. Trekantsjal er ein populær detalj, medan avslappa hoodies og jakker med fuskepelskant gir ein lun og røffare stil. Både sporty, klassiske og feminine uttrykk fekk plass på catwalken.

Også innan make-up går vi inn i ein sesong med varme tonar, der ein enkelt kan tilpasse uttrykket frå naturleg og dempa til litt meir glød og festpreg.

Det var mykje å oppleve også rundt moteshowet. Power, Knarvik Hud og Fotpleie Klinikk, Skin Tonic og Normal hadde stands, og hos Normal kunne ein prøve lykka på lykkehjulet. Goodie bags og lodd med mange fine premiar sette ein ekstra spiss på arrangementet.

Med flotte modellar, engasjerte butikkar, premiar og eit publikum som skapte god stemning, vart moteshowet eit kjekt innslag under Prisfest.

Tusen takk til alle butikkane, aktørane og modellane som var med og bidrog til dagen, og til alle som kom for å sjå på! 🍂✨