Skin Tonic - nyopning i nytt lokale
Velkomen til Skin Tonic med ny butikk, større utval og masse nytt å oppdage!
Har du fått med deg at SkinTonic Knarvik har flytta? No finn du dei i ein splitter ny og lekker butikk, rett over gata frå den gamle. Med større lokale har det blitt endå betre plass til alt det fine innan skjønnheit, duft og tilbehøyr, og butikken har fått eit lyst og innbydande uttrykk som gjer det ekstra kjekt å ta turen innom.
Den nye butikken har også fått meir plass til vesker og koffertar, og her finn du mellom anna eit stort utval frå Samsonite. Her er det noko for både små og store turar, anten du skal på helgetur eller planlegg den neste ferien.
I hyllene ventar kjende favorittar, spennande produkt og fine gåvesett, anten du er på jakt etter noko til deg sjølv eller ei gåve til nokon du er glad i. Her kan du gå på oppdagingsferd blant duftar, hudpleie, sminke og mange fine nyheiter.
Og med jula like rundt hjørnet er det sjølvsagt også mange gode julegåvetips å finne, frå velduftande gåvesett og skjønnheitsfavorittar til vesker, koffertar og tilbehøyr. Kanskje finn du både gåva du var på jakt etter, og ein liten favoritt til deg sjølv?
Dagleg leiar og butikkeigar June Gullaksen og resten av teamet ønsker både nye og faste kundar hjarteleg velkomne innom den nye butikken!