Ny hobbybutikk: Art´i Panduro opnar i november
I november får AMFI Knarvik ei heilt nytt tilskot til butikkmiksen når Art´i Panduro opnar dørene midt på Sentrumstorget.
Butikken blir ein hobbybutikk som kombinerer Panduro sitt populære sortiment med fleire spennande produkt innan kreativitet, hobby og skaparglede.
Bak satsinga står Ringo-eigarane og ekteparet Rune og Hilde Foss.
– Det har vore ein forsiktig draum lenge å starte ein hobbybutikk. Vi har hatt litt varer frå Panduro i leikebutikken tidlegare, og har sett at interessa er der. Då lokalet på Sentrumstorget vart ledig, var både tidspunktet og plasseringa perfekt, fortel Hilde.
Hilde skal drive og jobbe i den nye butikken, medan Rune blir verande på Ringo.
– Det blir litt uvant å ikkje jobbe saman kvar dag, men veldig kjekt å starte noko heilt nytt, seier ho med eit smil.
Hilde har fått med seg Amanda Sunde-Soltveit på laget, og dei to entusiastiske damene gler seg enormt til å ha butikken som sin arbeidsplass. Begge er kunstneriske og glade i å utfalde seg kreativt. Hilde målar og lagar smykke, medan Amanda har ei lang liste med kreative hobbyar.
- Eg kan snakke om teikning i timevis. Elles er eg glad i å nålefilte, lage teikneseriar, redesigne klede og prøve nye teknikkar, fortel Amanda.
Dei to får stjerner i augo når dei fortel om den nye butikken. Dei har store planer for lokalet, med ein hyggeleg sittegruppe, ein bardisk ved kassen der dei sjølve eller kundane kan sitte og lage ting, og sjølvsagt skal butikken fyllast med hyller frå tak til golv med alt frå teikne- og målesaker til perler og hobbysett.
Butikknamnet Art´i Panduro er eit leikent ordspel, der kunstreferansen møter eit etablert varemerke på ein måte som passar den nye satsinga godt.
Bygginga av butikken startar måndag 6. oktober og Art´i Panduro skal etter planen opne i midten av november. Kundane kan gle seg til masse kreativ førjulsglede, aktivitetar og kjekke opplevingar.
- Det er mange som har sakna eit slikt tilbod i Knarvik, og no har vi høyrt på kundane våre og satsar skikkeleg, seier Hilde.
- Og vi har ikkje berre sommarfuglar i magen, men elefantar, ler Hilde.