Rekordinnsamling til Kreftforeningen
Gjennom basar, ringedugnad og andre kreative initiativ samla AMFI Knarvik, i samarbeid med Nordhordland Næringslag, inn 516 831 kroner til årets innsamling.
Rekordinnsamling til Kreftforeningen: Over ein halv million kroner samla inn i AMFI Knarvik
Det lokale engasjementet for Kreftforeningen står sterkare enn nokon gong. Gjennom basar, ringedugnad og andre kreative initiativ samla AMFI Knarvik, i samarbeid med Nordhordland Næringslag, inn heile 516 831 kroner til årets innsamlingsaksjon for Kreftforeningen.
Som takk for innsatsen besøkte Mathias Urhaug frå Kreftforeningen AMFI Knarvik i dag. Med seg hadde han både kake og diplom, men først og fremst ei stor takk til alle som har bidrege.
– Først og fremst tusen takk for årets innsats og det fantastiske resultatet de saman har fått til i årets aksjon. Det er verkeleg inspirerande og rørande å sjå, seier Urhaug.
Eit engasjert lokalsamfunn
Gjennom mange år har innsamlingsaksjonen i AMFI Knarvik vakse seg stadig større. Basaren har blitt eit populært samlingspunkt der både kundar, næringsliv og frivillige møtest for å støtte ei viktig sak.
– De har klart å kombinere ein veldig hyggeleg aktivitet med eit viktig samlingspunkt, samtidig som de samlar inn pengar til livsviktig kreftforsking. Det er kjekt å sjå at basaren blir større og større. Folk kjem reisande langvegsfrå, og butikkane i senteret stiller opp med premiar for ei viktig sak, seier Urhaug.
Samtidig har den årlege ringedugnaden i samarbeid med Nordhordland Næringslag samla eit stadig større nettverk av frivillige som nyttar tid frå ein travel kvardag til å samle inn pengar til kreftforsking. Mange kjem tilbake år etter år.
– De har skapt ei veldig fin ramme rundt ringedugnaden og klart å mobilisere og engasjere mange til å setje av både tid og krefter til ei viktig sak. Det tek vi absolutt ikkje for gitt, seier Urhaug.
Lindex-duoen inspirerer fleire
Eit av dei mange initiativa som har skapt engasjement også dette året kjem frå Lindex. Anita og Mariann har nok ein gong vist eit stort hjarte for saka med sykkelturen sin, og i år fekk dei også med seg ein ny generasjon bidragsytarar.
– Det er utruleg kjekt å sjå at Anita og Mariann frå Lindex hiv seg ut på nye utfordringar og skaper engasjement rundt saka. Og så er det ekstra flott å sjå at sonen til Mariann får med seg kompisane sine, tek utfordringa vidare og går same turen som jentene gjekk i fjor. Det er veldig imponerande og veldig fint å sjå det engasjementet som er der for saka, sa Urhaug.
Viser krafta i lokal dugnadsånd
I talen sin løfta Urhaug fram korleis innsatsen i AMFI Knarvik skaper ringverknader langt utover sjølve innsamlingsaksjonen.
– Det viser kva kraft det er i lokalt engasjement og det fellesskapet de er ein så stor del av.»
Uthaug delte ut diplom til dei som har stått i spissen for arbeidet. På diplomet til AMFI Knarvik stod mellom anna følgande takk:
«Takk for dykkar fantastiske bidrag på 516 831 kroner. For dykkar bidrag viser de omtanke for kreftpasientar og deira pårørande. Forsking nyttar. I dag overlever tre av fire kreftpasientar. Ved å gi til forsking er de med på å forme ei framtid utan kreft.»
AMFI Knarvik ønskjer å rette ein stor takk til alle som har kjøpt årer, gitt premiar, bidrege på ringedugnaden eller støtta aksjonen på andre måtar. Resultatet viser kva som er mogleg når eit heilt lokalsamfunn går saman for ei viktig sak. 💙🎗️