Éin kupong gav Sølvi båten
Av heile 6 521 innleverte kupongar var det Sølvi Mellingen (44) frå Alversund som vart den heldige vinnaren av årets sommarbåt i AMFI Knarvik.
Premien er ein Hobby 420 Classic med Suzuki påhengsmotor og båthengar til ein verdi av om lag 112 000 kroner. Båten og tilhengaren er gitt av AMFI Knarvik i samarbeid med E39 Båt & Henger.
Då telefonen frå senterleiar Åge Torsvik kom, var Sølvi på jobb.
– Eg vart heilt sett ut og veldig glad. Eg hadde handla alt på éin dag og levert éin einaste kupong, så dette hadde eg verkeleg ikkje venta, fortel ho.
Sølvi har vore medlem i kundeklubben sidan 2014 og har levert kupongar til båttrekninga fleire gongar. I år var det hennar kupong som vart trekt ut då politioverbetjent ved Nordhordland politistasjon Ivar Holmaas, stod for trekninga blant dei mange bidraga som kom inn gjennom sommaren.
Då båten skulle hentast, hadde Sølvi med seg sønene Eskil og Mathias til AMFI Knarvik. For familien kunne premien knapt passa betre. Dei er svært glade i livet på sjøen og brukar mykje tid på båtliv og fiske, og er blant anna ivrige på vinterfiske.
Familien har allereie ein båt som liknar mykje på den dei no har vunne. Den ligg på båtplassen deira på Sletta.
– No må vi tenke litt. Vi diskuterer om vi skal behalde denne båten, eller om vi skal selje begge båtane og investere i ein større, seier Sølvi.
At gevinsten vart ein båt, er nesten litt morosamt. For berre nokre månader sidan tok Sølvi BE-lappen hos Feste Trafikkskule. Då fekk ho spørsmålet frå barna:
– Mamma, kva er det eigentleg du skal dra med den hengarlappen?
No har dei fått svaret. Først drog Sølvi den splitter nye båten ut frå AMFI Knarvik. Snart ventar nye eventyr på sjøen for heile familien.
Vi gratulerer Sølvi og familien så mykje med gevinsten, og takkar alle som deltok i årets sommartrekning for medlemmar av AMFI Knarvik sin kundeklubb! 🌊☀️🚤