Her er sommerens hotteste tilbehør
Fyll garderoben med 70-talsinspirerte solbriller, silkeskjerf og store vesker. Vi har samla sommarens mest trendy detaljar. Lat deg inspirera!
More is more
Det er ikkje noko som seier, sommar, meir enn gullsmykke mot solkyssa hud. Denne sommaren skal smykka og armbanda ligge lag på lag. Jo fleire, jo betre! Sjå etter store og små lenkjer, og bland gjerne nye og gamle smykke i ulike storleikar. Du kan og blanda sølv og gull, og små perler dersom du ønskjer det. Både kvite og farga perler er populært denne sommaren, og ser ekstra fint ut i kombinasjon med solbrun hud og kvite sommarkjolar. Det er også populært med små ringar av gull i øyro, også kalla hoops.
Tips! Lat hendene vera i fokus og bruk ringar på alle fingrane – gjerne fleire på same finger. Her kan du setje saman alt frå tynne ringar til store statement-ringar.
Silkeskjerf
Silkeskjerfet kan stylast på mange ulike måtar – anten du brukar det som skaut på hovudet, som hårband, rundt halsen, i hestehalen eller som belte. Kanskje har du allereie eit liggjande i garderoben, om ikkje har butikkane for lengst kasta seg på trenden. Her finn du alt frå sarte pastellar og blomemønster til sterke fargar som kongeblått og oransje. Vel eit som passar stilen og garderoben din, og hugs at det kan stylast på fleire måtar.
Tips! Gje veska di eit hint av sommar ved å knyte eit silkeskjerf i det eine handtaket.
70-talsbriller
Sjølv om dei små og smale solbrillene er populære enno, ser vi at dei store, firkanta solbrillene frå 70-talet er på veg tilbake i motebiletet. Eit kjenneteikn er dei lysebrune glasa som gjer at ein ofte ser augo gjennom glaset, men fleire butikkar sel òg modellar med mørkare glas. Style dei med slengbukser og ei statement-bluse eller kombiner dei med ein søt sommarkjole og sandalar for ein sommarleg stil.
Tips! Gå for ei innfatning som skil seg ut, som til dømes oransje. Oransje ser flott ut i kombinasjon med eit kvitt sommarantrekk.
Store vesker
Dei store veskene, også kalla «shopper bag» eller «tote bag», er både praktiske og trendye. Her har du plass til alt du måtte trenge, pluss enda litt til. Denne sommaren kan du godt gå for ei veske i naturlege material som lin og økologisk bomull. Det finst også hekla variantar som ser fabelaktig ut til sommarens ruta plagg. Sleng veska over skuldra for ein avslappa stil, eller brett ho saman til ein clutch som du enkelt kan halde under arma.
Tips! Sprit opp antrekket og gå for ei veske i ein frisk farge. Kva med ein shopper bag med gule og kvite ruter?
Hårpynt
Hårklypene er tilbake og vi diggar det! 90-talsklypene kjem i alle fargar, storleikar og fasongar og er ofte pynta med perler, små steinar, diamantar eller glitter. Med så mange ulike modellar er det lett å finne ei klype som passar deg og din stil. Kva med å gjera som it-jentene og feste håret i ein låg knute i bakhovudet med ei stor klype. Vi syner deg korleis du lagar ein enkel frisyre med hårklype i denne artikkelen. Du kan òg prøva deg på ein mindre klype som du kan feste attmed øyret eller i luggen.
Også scrunchien er populær denne sesongen. Scrunchien, som er ein hårstrikk med stoff utanpå, er både snill mot håret og ein fin måte å sprite opp frisyren på. Vel ein i sommarens pastellar eller ver ekstra trendy og gå for ein scrunchie med ruter. Han kan gjerne vera litt stor, slik at han visast.
Tips! Lat hårklypa eller scrunchien gå ton-i-ton med resten av antrekket, eller gå for ein fargerik variant som gjev antrekket det vesle ekstra.