Årets antrekk for jul og nyttår til dame

Dame i glitterkjole som dekorer til juleselskap
Me har tipsa for årets juleantrekk!

Frå fjørdetaljar og bohemske innslag til satengkjolar og klassisk nostalgi - dette er trendane som gjeld i jula 2024.

I takt med at julstemninga snik seg på, julemusikken rungande på radioen og dufta av småkaker legg seg, kjem ofte det same spørsmålet igjen år etter år.

For kva skal ein eigentleg ha på seg i julas ulike selskap, når ein ønskjer å vere både trendy og fin?

Vi har snakka med stylist og motejournalist Cecilie Mevatne om kva som gjeld denne sesongen, og første tips er å sjå etter dei tradisjonelle julefargane i nye nyansar.

- I tillegg til glitter og paljettar er det lite som er meir jul enn fargane rødt og grønt, og sidan det er mykje olivengrønt og burgunder i motebilete for tida, passar desse fargane perfekt inn i julegarderoben, tipsar stylisten.

Og innslag av leopardprint er trendy og kan løfte kvart antrekk denne jula.

- Du kan anten gå for ein kjole i leopardprint, eller eit par hælar eller eit skjørt om du synes eit heilt antrekk blir for mykje, seier Cecilie.

Eit midjebelte, gjerne i gull, kan òg setje prikken over i-en på årets juleantrekk.

- Eit slikt belte er ein enkel måte å få inn litt bling i antrekket, og det er ekstra fint å kombinere til ein litt laus, olivengrøn kjole for å skape ein fin silhuett, seier Cecilie.

Gjer deg klar for å ta på finstasen! Her er stylistens beste tips til trendy festantrekk jula 2024:

Dame med grønn paljettkjole

Julebord med jobben: Stilsikker med sateng

Formelt eller festfint, skikkeleg finstas eller casual? Å finne det perfekte julebordsantrekket kan vere tricky, spesielt om arbeidsplassen har ein kleskode, eller du ønskjer å gjere overgangen frå kvardagsuniformen litt ekstra fin.

For deg som ønskjer å unngå kleskrise i år, har stylisten eit sikkert vinnarkort for hånda:

- Gå for eit antrekk i satengstoff, som er eit av sesongens mest trendy materiale, seier Cecilie.

- Du finn både kjolar og dressar i satengstoff no, så her kan du gå for det antrekket du følar deg mest komfortabel i. Uansett blir du festfin på eit blunk!

Velg gjerne fargetonane burgunder eller olivengrønt. Begge fargane er fine å kombinere med gullsmykker, som gjev eit fint og eksklusivt uttrykk, tipsar stylisten.

- Går du for ein satengkjole i ein djup burgundertone, kan du for eksempel style den saman med ein klassisk svart eller lys kåpe, høge hælar med spiss tupp og ein svart clutch som du heilt sikkert har i garderoben, seier Cecilie.

Eit anna fint alternativ til julebordet er å matche dressbuksa med ein fin topp i eit tynt, delikat stoff.

- Da ville eg gått all in på tilbehøyret, med store øyreringar og smykke, for å pynte opp antrekket litt ekstra, tipsar stylisten.

TIPS!

Om du går for ein lettare satengkjole med bare skuldre, er det òg veldig fint å kombinere den med ein av dei andre store trendane denne sesongen, nemleg ponchoen eller eit lekkert, stort og tjukt sjal!

- Det gjev ein fin kontrast i antrekket, og varmar i tillegg godt, seier stylisten.

Dame med rød kjole

Julaftan med familien: Klassisk eller bohemsk

Om du skal i eit høgtideleg selskap, eller ønskjer å ha eit komfortabelt antrekk når julemiddagen skal bli fortært, er julaftan ein gyllen anledning til å ta inn den bohemske trenden som dominerer trendbiletet denne sesongen.

- Sjå for deg ein kjole med rysjer og skjørt i lag, i tynt, florlett materiale, seier Cecilie.

Kjolen kan gjerne vere olivengrøn, og kombinerast med store gullsmykke, ein lys beige fuskepels og brune boots til, tipsar stylisten.

Ønskjer du heller å køyre tradisjonelt på julekvelden, er ein fløyelskjole alltid ein sikker vinnar, ifølgje Cecilie.

- Ein klassisk kjole i for eksempel burgunder, mørkeblå, svart eller flaskegrønt er alltid fint på julaftan.

TIPS!

– Mange sverger til paljetter i julen, men bytt gjerne ut paljettkjolen med en veske eller et par hæler som glitrer i år, og kombiner dette med en av sesongens trendkjoler, sier stylisten.

– Vi ser mye slikt tilbehør på denne tiden av året, og en kul paljettveske er en perfekt måte å gi juleantrekket det lille ekstra!

Dame som holder en blomsterbukett
Dame i grønn kjole som lener seg på et rekkverk

Selskap i romjula: Avslappa og pent med ein britisk touch

Cecilie har godt nytt til deg som aller helst sver til pysj og julefilmar på TV i romjula.

Skal du i romjulsselskap er det nemleg fint å hente inspirasjon frå den engelske countryside-stilen, som i tillegg til å vere klassisk og pen, òg kan vere komfortabel.

- I romjula er det gjerne lov å kle seg litt «nedpå» og avslappa igjen, og i år ville eg gått for eit lengre ullskjørt, anten einsfarga eller i klassisk rute- eller tweedmønster, kombinert med ein strikkagenser, boots og strømpebukse til, seier Cecilie.

- Genseren kan anten vere ein pen, klassisk kasjmirgenser, eller i røffare, tjukkare strikk, etter kor pent uttrykk du ønskjer.

TIPS!

Eit langt satengskjørt er òg fint å kombinere til ein strikkagenser eller ein blazer denne jula, både til kvardags og til fest.

- Eg likar veldig godt plagg som enkelt kan styles opp og ned, slik som satengskjørtet, seier Cecilie.

Dame som går i gaten
Dame som sitter på en sofa med juletre i bakgrunn

Nyttårsaftan med vener: Ekstra fjong med det lille ekstra

Når det er klart for å ringje inn det nye året - og for mange årets største fest - har stylisten eit godt råd:

- Nyttårsaftan er verkeleg kvelden for å leike seg og ha det litt ekstra artig i klesveien! Tør å ta på den vågale kjolen som heng bakerst i skapet, og pynt deg med dei litt større øyredobbane som du elles synes er litt for mykje, seier Cecilie.

Aller mest trendy på partyfronten i år er det med ein kjole med fjørdetaljar nederst på ermane eller skjørtet, eller ein kjole med eit voluminøst bobleskjørt.

- Topp antrekket med eit par stiletthælar med spiss tupp og ein metallisk veske, tipsar stylisten.

Og når rakettane skal skytast opp kan du halde varmen utandørs med ein oversized kåpe med maskulint snitt, eller ein fuskepelsjakke, og byt ut hælane med eit par høge boots eller moonboots.

Og så er det berre å skåle det nye året inn!

Dame som går i gate med frynsekjole
Dame som går i gaten med stor pelsjakke