Les vårt flotte julemagasin
No kan du bla deg til julestemning! Årets julemagasin er fullt av juleglede, gode tradisjonar, inspirasjon og gåvetips for store og små.
Les julemagasinet HER.
Møt nissen - 20 år med juleglede
I år står jul og tradisjonar ekstra sterkt i magasinet. Vi startar med ein skikkeleg jubilant: I 20 år har sjølvaste Julenissen vore ein del av julegateopninga på AMFI Knarvik. I magasinet kan du bli betre kjent med nissen, mimre tilbake på 20 år med nisseshow og lese om nokre av minna han har samla på seg gjennom åra.
De som held jula i gang
Kven sørgjer eigentleg for at alt går rundt når julehandelen er på sitt travlaste? I magasinet møter du nokre av dei som held hjula i gong på AMFI Knarvik, frå tidlege morgonar til seine kveldar. Bli kjent med menneska bak julepynten, tryggleiken, dei reine golva og alt det andre vi kanskje tek som ei sjølvfølge når jula skal gå på skinner.
Julegåvetips
Kanskje treng du litt hjelp med årets julegåver? Magasinet er fylt med gåvetips og inspirasjon til dame, herre, ungdom og barn, i tillegg til jul og interiør. Her kan du med andre ord starte jakta på gåvene før ønskelistene blir altfor lange.
Juleinspirasjon og aktivitetar
Du finn også juleinspirasjon frå butikkane våre og oversikt over det som skjer på senteret i desember, slik at du kan planleggje førjulstida og få med deg dei kjekkaste juleaktivitetane.
Du finn det trykte magasinet i butikkane i senteret.
God lesning!
-
Antrekk frå Zavanna, sko frå Eurosko, blomster og gåveposer frå Kid Interiør. -
Antrekk frå Lindex. Gåveposer og hårpynt frå Normal. -
Antrekk frå Zavanna, veske frå Eurosko. Bildet er tatt i butikken hos Mester Grønn. -
Antrekk frå Lindex. Bok frå Norli. -
Antrekk frå Dressmann. -
Antrekk frå Ladies & Gentlemen. Veske frå Eurosko. -
Antrekk frå Farmors Hus. Veske frå Skin Tonic. Bildet er tatt i butikken hos Bjørklund.