Møt nissen - 20 år med juleglede og nisseshow
Kva hugsar Julenissen best etter 20 år med nisseshow på senteret? Bli betre kjent med Julenissen før jubileumsshowet og julegateopninga fredag 27. november.
I 20 år har sjølvaste Julenissen vore ein fast del av førjulstida i AMFI Knarvik. Fredag før første søndag i advent har hundrevis av forventningsfulle born samla seg framfor scena for å synge, danse og telje ned til tenninga av den store julestjerna saman med Julenissen, Nissemor og den populære Tech-nissen.
Når julenissen kjem ned bakken i AMFI Knarvik for å gå opp på scena midt i juleshowet, og små og store står forventningsfulle og roper, kjenner han framleis på den same spenninga som for 20 år sidan.
– Det trøkket eg kjenner når eg kjem ned bakken i senteret og møter publikum, det er berre sånn – WOW! Eg kjenner det litt i magen, sjølv om eg har gjort dette i 20 år. Men når ein først er på scena, er det berre å glitre og ha det gøy saman.
Ein juletradisjon blir til
Det heile starta i 2006. Senteret ønskte eit eige juleshow i samband med opninga av julegata. Saman med gjengen som i dag heiter KJEMPEGØY.no, vart det drodla fram eit konsept med julesongar, humor og små innslag.
Oppskrifta har halde seg godt. Nokre songar har kome til undervegs, mellom anna «En stjerne skinner i natt», som har blitt ein favoritt blant barna. Barna sjølve har alltid vore ein viktig del av showet, og nokre får kome opp på scena og låne mikrofonen til nissen.
– Det er så kjekt, for det er så mange flinke barn som kan songane.
Etter kvart har Nissen, Nissemor og Tech-nissen blitt eit fast trekløver. Tech-nissen har nærmast vakse opp med showet, medan nissemor har bidrege med både julestemning og mange flotte julekjolar gjennom åra.
– Vi har så god kjemi. Det er knall og moro å jobbe med Nissemor og Tech-nissen, både før og etter showet. Vi skøyar og leikar, og det aller kjekkaste er å glede barna.
Tre generasjonar framfor scena
Noko av det finaste med 20-årsjubileet er å sjå at barna som ein gong stod framfor scena, no kjem tilbake med sine eigne barn. Nokre kjem saman med både foreldre og besteforeldre.
– Det er så kjekt å sjå ansikta deira når dei kjem hit med sine eigne barn. Mor og far, gjerne tre generasjonar. Eg kjenner igjen folk og tenker: Der er han, ja! Han var her då han var liten. Så stor du har blitt, ler nissen.
Gjennom åra har det blitt tallause møte med barn, gjerne 5-600 barn på kvar førestilling, og rundt 1500–1600 selfiar. Heime har nissen tre album fulle av avisutklipp og minne frå åra på senteret.
Enkelte møte sit ekstra sterkt. Som då ei lita jente kom bort til nissen med eit heilt spesielt juleønske:
– Du julenisse, kan du gjere slik at mamma og pappa blir glade i kvarandre igjen?
Det er slike augeblikk som minner om at det bak julesongar, tull og nissedrakt også handlar om å skape glede og gode minne.
Ikkje jul utan juleshow
Berre eitt år vart heilt annleis. Under koronaen vart showet avlyst, og berre ein liten filmhelsing vart spelt inn utan det vanlege publikummet framfor scena.
– Det vart ikkje det same det året!
Kanskje er det nettopp tradisjonane som gjer showet så spesielt. Songane, ropa etter nissen, tøys og tull, godteposane og den store julestjerna som til slutt blir tent.
Etter 20 år er nissen heller ikkje klar for å leggje lua på hylla, tvert imot stillar han med flunkande ny nissedrakt og lue til jubileumsshowet.
På ønskelista til Julenissen
Når julenissen sjølv skal skrive si ønskeliste er det LEGO som står øvst på lista, og gjerne ein Batmobile! Bak nissedrakta skjuler det seg nemleg ein skikkeleg LEGO-entusiast.
Men det største ønsket er kanskje å få halde fram med å glede nye generasjonar. For etter 20 år er konklusjonen enkel:
– Det blir ikkje jul utan nisseshow og tenning av den store julestjerna i AMFI Knarvik.