Kle deg glad

Oransje vegg, glad dame ser til siden av kameraet. ikledd oransje kjole med store blomster.
Dame sitter i hvit trapp i hvitt rom. Grønn bluse og blomstrete skjørt omgitt av grønne planter. ser fornøyd ut.
Sjølv om du ikkje har noko anna plan enn å berre vera heime, så kan det vera godt å kle seg i litt finare klede. Eit skjørt og ein bluse er både komfortabelt og fint.

Saknar du å pynte deg? Da er du ikkje åleine. Fine klede og fargar gjer oss glade – les tipsa og bli inspirert til å pynte deg litt meir i kvardagen.

No går det mot vår og lysare tider, og mange av oss kjenner at det er på tide å riste av seg vinteren og fjoråret, som vart det store joggebukseåret. No har vi lyst til å pynte oss litt att, men må det verkeleg vera eit spesielt høve?

Vi har nokre tips og vonar du finn inspirasjon til å pynte deg litt ekstra framover – gjerne på ein vanleg kvardag. For om du blir glad av å pynte deg, ikkje vent på betre tider eller den store sommarfesten. Start i dag og børst støvet av dei fine blusane dine eller leit fram favorittkjolen din.

Og du, vår- og sommarnyhenda finn du allereie i butikkane. Det er fine fargar, materiale og plagg som minner oss om at det vert sommar i år òg. Stikk gjerne innom senteret for å ta ein titt!

1. Kle deg litt finare enn anledninga tilseier

Kjole på ein vanleg måndag? Sjølvsagt! No når det er lenge mellom kvar festlege anledning, lyt vi utnytte kvardagane våre betre. Da vert det plutseleg flust av anledningar å pynta seg til likevel.

Kvifor ikkje byrja med å pynte deg litt meir enn vanleg til ein dag på jobben? Har du ein jobb der du er nøydd til å bruke arbeidsklede, pass på at det heng eit fint antrekk i garderoben til du er ferdig for dagen. Til neste familiemiddag, still opp i sommarkjolen du ikkje kunne vente med å bruke. Med eit par varme strømpebukser kan du fint bruke sommarkjolane dine heile året.

Digitale treff med gode veninner? Kva med å planleggja ein digital fest med nokre veninner der de avtalar å pynte dykk. Det gjer heilt sikkert noko med stemninga! Ein liten tur ut for å handle, kaffikopp med bestemor, ut å hente posten eller heimekontor, same kva for ei anledning det er snakk om er det rom for å pynta seg.

2. Kle deg i fargar

Fargar påverkar oss i større grad enn vi kanskje trur, og nokre fargar gjer oss gladare og meir energiske. Gul, oransje og raud er fargar som gjev energi og kan gje positive assosiasjonar. Kanskje blir du ikkje berre gladare sjølv, men muntrar opp nokon av dei du har i rundt deg òg.

Du har kanskje fått med deg at ein av dei store trendfargane denne våren er rosa. Rosa er søt og snill, men kan og vere energisk og kraftfull. Bland gjerne fleire rosanyansar i same antrekket om du vil. Rosa er alt frå dei lyse og duse tonane til dei sterke og kraftfulle.

Likevel er det viktigast at du kler deg i fargane du likar. No er det heldigvis eit breitt utval av fargar i motebiletet, og omtrent alle fargar er «lov». Set gjerne saman fleire fargar eller fargenyansar i same antrekk om du vil. Fargekombinasjonar er smak og behag – så lytt til magekjensla.

Knallgul bakgrunn, dame står med rosa genser og rosa leppestift og ser overraska ut.
Kle deg i fargar som gjer deg glad. Sesongens trendfarge er rosa. Tør du?
Detaljer på en hvit flate. dusrosa skjerf, sminke og brun skinnveske med gulldetaljer. gullringer er spredd utover, parfymeflaske uten etikett og svarte runde solbriller er dandert.
To hender med neglelakk i ulike pastellfarger hviler på en rosa flate.
Rosa bakgrunn, hoppende glad dame med rosa joggedress.

3. Fine detaljar

Det treng ikkje vera store hendinga for at du skal kunne pynte deg og det treng ikkje vera store innsatsen som skal til for at du har pynta deg litt. Av og til er det nok med eit par fine detaljar, som smykke, øyredobbar, hårpynt, neglelakk eller eit par fine sko.

Eit godt døme er joggebuksa. Om du ikkje er klar for å gje slepp på joggebuksa enno, er det godt mogleg å style ho litt finare. Berre bytt ut ei utvaska t-skjorte og raggsokkar, med ein blazer og eit par lekre sko eller gå for ein joggedress i ein fin farge. Her er det mange ulike variantar å sjå blant influensarane for tida, og i butikkane finn du eit stort utval av joggebukser i fleire fine fargar.