Årets sminke og frisyrer for julens selskaper

Dame med lilla lepper og holder en lilla blomst til ansiktet
Vi har tipsa til årets sminke og frisyrar til selskapa til jula.

«Cherry Cola lips», metalliske auge og «Hollywoodglam»: Slik får du håret og sminka til å skine litt ekstra til julas feiringar.

Juletida nærmar seg med stormskritt, og sjølv om det er hyggeleg at kalenderen fyllast opp med julebord, romjulsselskap, gløggkveldar og nyttårsfest, kan det også føles litt stressande.

For ikkje berre skal kjolen strykast og penskoa pussast – håret og sminke skal óg skine litt ekstra når julas festar står for tur.

Heldigvis treng det ikkje å vere komplisert å løfte looken med nokre enkle grep, skal vi tru makeupartist og hårstylist, Jeanette Gjerde Olsen:

- Mykje ligg i forberedelsane, og med ein hårkur, oppfriskning av hårfarga og ein god klipp, har du eit veldig godt utgangspunkt.

Det same gjeld for sminka, med ein god hudpleierutine som sørgjer for glød og fukt, tipsar stylisten.

- Ein god rens, fuktigheitskrem og ei fuktmaske gjer underverk. No finn du óg mange gode sminkeprodukt, slik som CC-creams og foundations med hyaluronsyre, som fungerar som hudpleie og dekk i eitt. Perfekt for å oppnå såkalla «satin skin» som mange ønskjer for tida, seier Jeanette.

Når det kjem til fargepaletten jentar julas sminkepung inspirasjon frå moteverda, med varme og rike tonar som brunt, karamell og burgunder på både auge, lepper og negler.

Denne jula handlar det óg om å leike seg litt med uttrykket og tørre å vere «litt ekstra»:

- Prøv ein augeskugge med litt shimmer, ein modig farge på leppene eller nylakkerte negler i ein metallisk farge!

Klar for å finne din festlook? Her er nokre sminke- og hårtrendar som gjeld jula 2025:

Knust sminkepulver og en hånd med glitterstjerner

Festklare lepper med Cherry Cola lips

Raude lepper er som kjent den perfekte prikken over i-en på julesminka, og ønskjer du å vere ekstra trendy i år, er det berre å hente inspirasjon frå TikTok og matverda.

I år er det nemleg såkalla Cherry Cola lips som gjeld, inspirert frå nettopp farga på kirsebærsvarianten til Coca Cola – ein djup, bæraktig farge med nyansar i raudt og brunt.

-Bruk gjerne ein raudtona lip stainer, som er ein slags blanding av ein leppestift, lipgloss og leppeolje, som gjev eit fint og «riktig» uttrykk, seier Jeanette, og legg til:

- Den kjem med ein applikator som gjer det enkelt å påføra, og du kan bruke den på heile leppa. Ein lip stain treng heller ikkje å leggjast perfekt, det skal helst sjå ut som ein illusjon av å ha drukke raudvin eller ete kirsebær.

Og kanskje det beste av alt, ein lip stain sit betre og lengre enn ein vanleg leppestift, noko som passar perfekt på julebordet og nyttårsfesten ut i dei seine nattetimane.

Og om du ønskjer meir definerte lepper kan du óg leggje ein lipliner under først, gjerne i ein bruntone. Du kan óg påføra lip stain i midta og dra den ut til ytterkanten – alt etter kva for slags uttrykk du likar best, tipsar stylisten.

- For å verkeleg fullføra Cherry lips-looken kan du avslutta med ein blank gloss!

TIPS!

Hugs å fukte leppene godt med ein leppemaske eller leppepomade før du legg farga. Har du tørre lepper vil nemleg farga bli litt flekkfull sidan ein lip stainer trekkjer meir enn ein vanleg leppestift. Du finn óg lip stains i meir nøytrale tonar, om du berre ønskjer å framheve dine eigne leppers naturlege farge.

Dame med lilla lepper og holder en lilla blomst til ansiktet

«Hollywoodglam»

Når du verkeleg ønskjer å skine på hårfronten er den klassiske Hollywood-looken med sideskill, glansfulle bølgjer og mykje volum, eit godt alternativ i år, meiner stylisten.

For å få den ikoniske stilen har Jeanette nokre smarte tips:

- Start med å vaske håret, før du, i handkletørt hår, tar i eit varmebeskyttande produkt og volumskum i både lengdene og røtene. Føn håret 70% tørt før du deler håret inn i sideskil og i fleire seksjonar, og deretter fønar håret heilt tørt med ein rundbørste eller ein fønbørste.

Til slutt kan du bøya tuppane litt for ein ekstra glamorøs fininsh, og bruk ein teksturspray eller lett stylingkrem i lengdene for meir glans.

Har du langt hår er det ekstra trendy å setje opp bølgane i ein hestehale, tipsar stylisten.

- Da får du ein glamorøs hestehale med volum frå rot til spiss. Du kan óg bruke ein krølltang, dele inn hestehalen i seksjonar, og krølle dei litt ekstra i same retning. Avkjøl håret og børst over seksjon for seksjon for å få ein stor bølgje i hestehalen.

- Kombiner gjerne frisyra med eit par øyredobbar, som er veldig trendy denne jula. Med ein hestehale får smykka verkeleg skine!

TIPS!

Om hårbotna opplevast litt feitt dagen etter, kan du bruke eit renseprodukt i pudderform eller ein tørrsjampo – og vips kan du forlengje den fjonge sveisen, tipsar stylisten. -Vi ser óg mykje retro hårband i fløyel i trendbiletet for tida, som passar perfekt for 50- og 60-talls «Hollywoodglam»-looken.

Dame med krøllete hår

Glitrande auge

Vi skal óg til matverda når det kjem til augesminka denne jula. «Toasty makeup», med gylne bruntonar som kan minna om rista brød, kaffe latte og karamell, er nemleg i vinden.

For å skape denne effekten, og samtidig gje litt meir dybde og farge til auga, kan du bruke ein metallisk augeskuggestift i bruntonar, tipsar Jeanette.

- Den er som ein blyant og er mykje enklare å jobba med enn ein tradisjonell augeskugge. Start nederst ved vippekanten på midten av auget og jobb deg oppover. Du kan óg bruke fingeren eller ein børste og blende kantane, seier ho.

Du kan óg bruke augeblyant under auge, om du ønskjer eit meir rocka uttrykk. Men hugs å jobbe raskt, for ein slik augeskuggestift sitt nemleg godt og trekkjer raskt inn.

- Avslutt med eit lag maskara, og du er klar for kvar einskild anledning! Om du vil gjere det lille ekstra kan du óg leggje ein winged eyeliner og litt transparent glitter oppå augelokket, tipsar stylisten.

TIPS!

Match neglene med augesminka! Denne sesongen er det nemleg metalliske fargar og negler med chrome-effekt som gjeld. Du kan anten gå for ein varm brun neglelakk, eller mørk burgunder.

Dame med ørepynt
Dame med mørke sminket øyne og blondt hår
Dame som legger mascara på øyenvippene sine

Trendy håroppsett: Kreativ knute i 8-tal

Julas håstrendar tar óg ein svipptur innom det glade 2000-talet, men med ein moderne og litt meir sofistikert vri!

For i staden for avanserte håroppsett à la 2000, er julas trend-«bun», ein slags åttetalsknute, litt enklare å få til på eige hand, skal vi tru stylisten.

-Start med å dele inn håret i to hestehalar ovanfor kvarande. Twist nedst hestehale og snurr den rundt den øvste hestehalen og ned igjen som eit åttetal. Fest med hårspenner i same farge som håret ditt. Gjer det same med den øvste hestehalen, og snurr den rundt den nedste.

Frisyren var blant anna å sjå på Sofia Richie Grainge på årets Met Gala, og kan både gjerast sleek som ho, med olje i håret dradd bakover, eller med meir volum og «tørr» finish med tørrsjampo, fortel stylisten.

Om du heller vil gå all in på juleklippen i år, og ikkje har lyst til å bruke så mykje tid på stylingen, kan du vurdere ein såkalla «shaggy»-klipp, tipsar Jeanette.

- Det er veldig trendy med oppklippa lengder og lugg for tida, à la Jenna Ortega, Billie Eilish og Miley Cyrus. Den litt ustyla looken kan vere ein perfekt kontrast til eit pynta antrekk og statementsmykker.

For å få den perfekte finishen har ho nokre gode tips:

- Etter at du har vaska håret kan du ha i litt saltvatnspray og varmebeskyttande spray, før du twistar håret i små seksjonar og brukar ein hårfønar med diffusertopp. Når håret er tørt kan du riste det litt med hendene og tilføra ein teksturspray og eventuelt litt olje ytst i tuppane – og vips er du klar for fest!

Dame med oppsatt hår i en bun