Årets antrekk for jul og nyttår til herre

Mann som smiler og holder et lite juletre
Vi har tipsa til dei ulike antrekka til festane til jula!
Mann som sitter i en blå dress
Viktig å velja å dress som sit som han skal, då er du klar til dei mange festane til jula.
Mann som har på seg buksebelte
Invester i eit skinnbelte som passar til dressen og skoa så er du festklar til julesesongen!
Mann som knyter dressko
Match eit svart belte med svarte dressko så er du klar til julefesten.

Usikker på korleis du skal kle deg i selskapa til jula? Eller er du berre ute etter litt inspirasjon?

Her er tips til ulike antrekk til dei mange festane til jula.

Jula står på trappene, og kalenderen blir gradvis fylt opp av julebord, selskap og høgtidelege samankomstar, der du helst skal vere litt meir enn vanleg festfin.

Men kva skal du eigentleg ha på deg på julebordet, i juleselskapet og på nyttårsaftan, om du både vil vere stilsikker og komfortabel?

Motejournalist og tidlegare moteredaktør, Cecilie Mevatne, meiner det først og fremst er viktig å finne ein dress som sit som han skal.

– Jula er høgtida til dressen, og du tene mykje på å velja ein dress som passar og sit perfekt på fasongen din. Tilpass dressen ved til dømes å sy den inn eller ved å leggje opp buksene til rett lengd.

Når dressen sit som han skal, er du allereie langt på veg, men til den som vil ta seg ekstra godt ut gjennom festane i jula, har Cecilie fleire triks i erme.

Her er det beste tipset eksperten har til ulike festantrekk:

Julebord med jobben: Klassisk i delikate fargar

Nokon held julebord på kontoret, andre dreg på restaurant, og nokon slår på stortromma og tek med jobben utanlands, men éin ting er sikkert: den klassiske dressen fungerer same kvar du skal.

– På catwalken ser vi mange dressar med fine, klassiske snitt for tida, så er det eitt år eg ville investert i ein fin dress i god kvalitet, så er det kanskje i år, seier Cecilie.

– I tillegg til at dressen skal sitja som eit skot, må du tenkje heilskapleg: Pass på at dress, skjorte, slips, belte, sokkar og sko står i stil til kvarandre. Det er mange rare kombinasjonar ute og går.

Alt treng ikkje ha same farge, men fargetonane i dress, belte, sokkar og slips bør stå i stil til kvarandre. Til dømes bør du alltid matche eit brunt belte med brune sko og svart belte med svarte sko.

Cecilie anbefalar også å investere i eit nytt belte.

– Når du først har kjøpt ny dress bør du kjøpe eit skinnbelte som passar perfekt til dressen, ikkje berre ta eit som ligg heime.

TIPS!

Syns du dress kan bli litt formelt og kjedeleg, foreslår motejournalisten å teste ut nye fargekombinasjonar på tilbehøyret.

– Ein kan få mykje ut av ein klassisk dress. Varier med ulike slips og sokkar, og prøv med boots til i staden for dressko. Du kan også droppe jakka og matche dressbuksa med ei skjorte med til dømes striper eller ein fin, tynn ullgenser om det er kjølig.

Mann med blå dress
Dressen må vere klar til ribbe- og pinnekjøttlukta kjem i hus.
Mann med brun dress
Køyr mørk dress med kvit skjorte så er du klar til julaftan.

Julaftan med familien: Tradisjonelt med innslag av grønt

Idet Sølvguttene syng jula inn og ribbe- og pinnekjøttlukta breier seg over landet, er det nok mange menn som sit i lik finstas rundt bordet.

– Å køyra tradisjonelt med mørk dress, skjorte og slips slår aldri feil på julaftan, meiner Cecilie, som held ein knapp på den kvite skjorta:

– Det er kanskje litt konservativt av meg, men eg syns menn skal ha kvit skjorte på julaftan. Mange kastar dressjakka under middagen, og med kvit skjorte er ein framleis stilfull uten jakke.

Når det er sagt kan derimot fargane på tilbehøyret godt variere.

– Raudt er alltid fint til jul, men denne sesongen har også ulike grøntoner gjort det sterkt på motefronten for menn.

Særleg flaskegrønt er ein grønfarge som passar godt til jul, meiner Cecilie, og foreslår derfor å gå for mørke sokkar med flaskegrønt mønster til dressen.

– Mange gløymer å tenkje på at sokkane syns når dei set seg. Kjøp nokre fine dressokkar som passar til resten av antrekket, du kan gjerne gå for nokon med flaskegrøne detaljar så dei kan matchast med både blå, svart og grå dress.

TIPS!

Er du usikker på fargetonar, kan du følgja «den gylne regelen»: Brune sko og brunt belte til blå dress. Svarte sko og svart belte til svart dress. Holder du deg i tillegg til ei kvit skjorte, kan det ikkje bli heilt feil.

Menn med grå dress
Gjerne ton ned dressen til romjula med familien.
Mann med dress og frakk over skuldrene
Hugs at eit stilig juleantrekk bør halda fram utanfor døra, og gjerne bruk ein frakk til ein klassisk dress.

Juleselskap i romjula med familien: Avslappa og preppy

Romjula er ei herleg tid. Roen kan senke seg, og ribberestane blir fortærte. Men for mange av oss er det nok høve for å ha ei nystrøket skjorte i romjulstida òg.

– Den klassiske dressen fungerer i romjula, men vil du tona det litt ned, kan du gå for berre dressbukse og skjorte med ein kasjmirgenser over, eller mikse opp dressen med ei jakke i ein annan tekstur.

Rekk du likevel ikkje å stryke skjorta på ny, har Cecilie likevel tips til eit stilig romjulsantrekk.

– Ein trend i vinter er langerma poloskjorte med krage. Den gir ein preppy, amerikansk look, og passar perfekt til eit romjulsselskap der ein vil vere fin, men meir avslappa.

Poloskjorta kan matchast med ein finare chinos-bukse for den rette romjulslooken, tipsar Cecilie.

Tips!

Hugs at eit stilig juleantrekk bør halda fram utanfor døra. Har du allereie ein klassisk dress, er ein klassisk ullfrakk ei sikker investering, og i år er det flust å velja i, ifølgje eksperten.

– Frakkar er ekstra populære i år. Gå for ein varm frakk med klassisk snitt i brun eller svart -– så er du sikra ei stilsikker gonge til og frå juleselskapa.

Mann med frakk som går i gaten
Til nyttårsfesten er alt lov.
Mann med blå dress og brun frakk
Ein stilig frakk kan setja prikken over i-en til nyttårsfesten!
Mann som fester klokke rundt håndleddet
Ei klokke slår ikkje feil når ein skal telja ned til det nye året.

Nyttårsaftan med vener: Alt er lov

Nyttårsaften – den magiske kvelden me ønskjer eit nytt år velkomen og føler at alt kan skje! Det gjeld også for antrekk.

– På nyttårsfest med vener er alt lov. Herremoten på catwalkane er ganske vill for tida, og skjørt er ein av dei dristige trendane i sesongen. Vil du vere crazy kan du altså gå med skjørt på nyttårsaftan.

Motejournalisten har likevel stor forståing for at skjørt ikkje er eit alternativ for dei fleste, men det er framleis lov å ta i litt ekstra på den siste dagen i året.

– Vel alt frå smoking til bukse og skjorte, og ver litt kreativ når det gjeld tilbehøyret.

– Ein stilig frakk, eit par lekre hanskar, eit grønntonet mjukt skjerf, ei kul fiskarmannslue, ja, til og med ein paraply kan løfte antrekket ditt når du skal ut denne kvelden.

Tips!

På nyttårsaftan flyttar festen seg gjerne utandørs når klokka nærmar seg midnatt. Gå til festen i eit par fine boots som du kan ta fram igjen når de skal ut, og ha heller med dressko som du kan skifta til innandørs, er tipset til eksperten.

Tekst
Newslab
Foto
Getty
Produksjon
Amfi Kreativ