Årets antrekk for jul og nyttår til dame
Slit du me då finne årets juleantrekk? Her er tips til kva du kan ha på deg til julas mange feiringar.
Dufta av ribbe og småkakar, julemusikk, snøenglar og gåvedryss – det er mykje som høyrer jula til.
Ikkje minst byr julesesongen på fleire anledningar til å pynte seg litt ekstra, anten det er julebord, nyttårsfest, julaftan eller familiemiddag som står på plana.
Ifølgje stylist og tidlegare moteredaktør Cecilie Mevatne er det gode moglegheiter til å finne det perfekte juleantrekket i år:
- Trendbiletet denne jula er både klassisk, feminint og glamorøst. Det finst med andre ord noko for alle som ønskjer å vere litt ekstra fin i år.
Stylisten trekkjer fram plagg med blondedetaljar, tynne, delikate stoff, frynsekjolar, skotskruta skjørt og topper med sløyfe i halsen, som trendar verdt å merka seg til festsesongen.
Og når det kjem til fargar er både klassikarane svart, naturtonar og brunt i vinden, i tillegg til ein del knallfargar, raudt og lilla, som jo passar perfekt inn i julas fargepalett.
- Eit skjørt eller ein satengkjole i djup lilla høyrer absolutt med i julas festgarderobe, seier Cecilie.
- Mens raudt er perfekt for tilbehøyret, for eksempel i form av ein veske eller ein sløyfe i håret.
Juleantrekk med det lille ekstra
Stylisten har óg eit ess i erma for deg som ønskjer å løfte antrekket med ein lekker detalj i år:
- Belter er veldig stort denne sesongen, og kan enkelt pynte opp eitkvart antrekk. Vel gjerne eit i gull, metall eller med dekor til fest, seier Cecilie, og legg til:
- Ein kul blondestrømpebukse er óg ein enkel og trendy måte å piffe opp den klassiske julekjolen på i år.
Her er stylistens beste tips til kva du bør ha på deg for ein stilsikker julefeiring i 2025:
Julebord med jobben: Delikat kjole med litt «edge»
Jobbjulebordet byr ofte på eit klassisk antrekksdilemma: Skal du gå for formelt, festfint eller noko litt meir nedpå?
Uansett kleskode, handlar det ofte om å finne den perfekte balansen mellom pynta og profesjonelt, meiner stylisten.
- I år ville eg gått for ein lang kjole i eit delikat stoff, gjerne i en djup brunfarge. Da har du eit fint og elegant utgangspunkt, seier ho.
For å gje kjolen litt meir edge og personlegheit, kan du style den med ein oversized brun skinnjakke og låge, «slouchy» boots som legg seg i bølgjer på leggane, tipsar stylisten.
- Sidan antrekket er heilfarga, er det fint å leike med kontrastar i materialane, her med røft skinn som møter det mjuke og feminine uttrykket i kjolen.
Topp antrekket med ein clutch som rommar det nødvendige, men som fortsatt kan berast i handa, gjerne i ein anna tekstur enn jakka og i ein litt djupare eller lysare farge enn sjølve antrekket. Du kan óg gje antrekket litt ekstra glam med eit par tjukke gullarmband.
- Ekstra trendy er det å ha båe armbanda på same arm!
TIPS!
Med temperaturen vi har her i Noreg vinterstid, er ein strømpebukse vanskeleg å unngå når festantrekket skal på. -Sjølv har eg aldri vore noko fan av dei lyse beigefarga strømpebuksene, så eg er veldig glad for at vi no har utallege spennande moglegheiter, både i fargar, mønster, og teksturar. Ein strømpebukse i bruntonen espresso er for eksempel ikkje like hardt som svart og er litt meir spennande enn dei beige. Du kan óg leike deg med ulike mønster, som for eksempel blonder, rutar og små prikkar.
Julaftan med familien: Elegant med polkadottar
På sjølvaste julaftan ønskjer du gjerne å vera pynta, men óg ha det komfortabelt. Kanskje du både skal steike ribbe og pynte bord, og gå rundt juletreet og sitje lenge til bords.
For eit elegant antrekk, utan å vere altfor pynta, har Cecilie eit godt tips i år:
- Ein svart og kvit polkadottkjole med stroppar er det perfekte valet! Den kjem gjerne i litt flowy materialar med litt skjørt, og har ein feminin fasong.
Ho anbefaler å style kjolen med eit par låge hælar – eller eit par flate ballerinasko. Og sidan kjolen har mønster, bør smykka haldast enkle og klassiske.
- Bruk smykke du allereie har og trivst med. Det er ikkje til dette antrekket du treng dei mest eksperimentelle øyredobbane – gå heller for enkle øyredobbar som små diamantar eller eit enkelt kjede, seier Cecilie.
Du kan óg slenga ein strikkejakke i kashmir over skuldrene – gjerne i koksgrå – for eit gjennomført og glamorøst uttrykk.
- Og skal du utandørs er det veldig fint og trendy med ein kåpe med hengande skjerfdetaljar som du kan tulla rundt halsen.
- Det er den perfekte prikken over i-ein på eit sofistikert antrekk denne jula.
TIPS!
Skal du reise bort i jula, eller pakke med deg flust av gåver på julaftan, er ein stor weekendbag det perfekte tilbehøyret. -Velg gjerne ein i semska skinn, som gjev ein fin kontrast til julas meir glamorøse teksturar, tipsar stylisten.
Selskap i romjula: Tid for trendskjørtet med stor T
Sjølv om romjula for mange betyr avslapping i pysjen eller skitur og sportstøy, byr romjulsdagane gjerne óg på ulike selskap kor du skal pynte deg litt.
Ifølgje stylisten er blyantskjørtet ein klassikar som gjer seg ekstra godt denne romjula -særleg når det stylast med ein lun og fluffy overdel.
- Vi ser mange ulike blyantskjørt for tida, både klassiske, og varianter med blonder eller ulike dekor. Kombiner skjørtet med ein ullgenser i god kvalitet, gjerne i ein kontrastfarge til skjørtet, tipsar Cecilie.
- For eksempel kan eit skjørt i djup plommelilla eller mørkebrunt stylast med ein lyseblå genser, eller du kan halde det klassisk med eit heilgrått antrekk og heller tilføra farge med tilbehøyret – som ein raud eller lilla veske.
Til sko anbefaler ho spisse modellar, gjerne med låg hæl, for eit pynta men komfortabelt uttrykk.
- Dette er ikkje ein kveld for stilettar, men spisse sko gjev ein elegant finish til blyantskjørtet, seier stylisten.
TIPS!
Ei kåpe med høg krage, som er supertrendy for tida, kan gje antrekket eit ekstra løft. - Ein koksgrå i ull er ein klassisk variant, tipsar Cecilie. - Men vil du dra på litt ekstra, er ein skinnkåpe med knyting i livet og lengda over kneet ein råare og trendy variant i vinter.
Nyttårsaftan med vener: Dristig «glam»
Nyttårsaftan er kvelden der antrekket kan få skine litt ekstra – anten du skal på fest med vener, ha middag heime eller berre vil avslutte året med stil.
Og ønskjer du å gå all in i år, har stylisten eit sikkert ess i erma:
- Gå for ein djup v-utringa kjole i eit tynt stoff med paljettar, eller i stoff med litt teksturmønster i, gjerne i svart eller i trendfarga mørk burgunder, seier Cecilie.
- Denne type kjole gjer litt ut av seg, men det er jo trass alt årets største fest!
Style kjolen med ein oversized blazer over skuldrene og eit par stiletthælar, gjerne med spiss tupp om du vil vere ekstra trendy, tipsar stylisten.
Sidan kjolen er eit statement i seg sjølv, trend du heller ikkje så mykje smykke.
- Men eit kraftig enkelt armband eller noko større øyrepynt kan vere fint så lenge du vel det eine eller det andre, seier Cecilie, og legg til:
- Topp antrekket med ein søt miniveske, som kjem i ulike variantar denne vinteren. Den har kanskje ikkje så god plass, men er veldig fin som pynt!
TIPS!
Når rakettane skal til vers, og det nye året skålast inn utandørs, kan du fint bytte ut blazeren med ein fuskepelskåpe og stiletthælane med eit par boots som går over kneet. Både varmande, stilfullt og trendy!