Vinn fritidsbåt eller badestamp

I samarbeid med E39 Båt & Henger og Tysse loddar AMFI Knarvik ut ein splitter ny fritidsbåt med båthenger, og ein vedfyrt badestamp til to heldige vinnarar og medlemmar av kundeklubben.
badestamp
Denne flotte badestampen frå Hobby Boat kan bli din!
Hobby 420 Classic - 1. premie i sommartrekninga.

Besøk AMFI Knarvik i sommar og bli med i årets store sommartrekning for kundeklubbmedlemmar 14. juni - 31. august.

Sommarbåten har i ei årrekke vore eit sikkert sommarteikn i senteret, og trekninga er ein kjekk aktivitet for våre kundeklubbmedlemmar. I år slår vi til med to flotte premiar, og alle som deltek er med i trekninga av både båt med båthenger og ein vedfyrt badestamp.

  1. premie: Hobby 420 Classic med Tysse båthengar. Verdi 98.050,-
  2. premie: Hobby Boat vedfyrt badestamp. Verdi 36.000,-

Hobby 420 Classic er ein av Noregs mest selde landstadsbåtar dei siste 15 åra. Båten blir levert med 15hk motor, er sjølvlensande, og har ein djup kjøl som gjer den trygg og stabil. Båthengeren frå Tysse er ein liten og lett båthenger (750kg). Badestampen er vedfyrt og av merket Hobby Boat.

Båten, båthengaren og badestampen er utstilt på Sentrumstorget i heile sommar.

Slik kan du delta i sommartrekninga

  • For å delta må du vere over 15 år og medlem av AMFI Knarvik sin kundeklubb.
  • Legg handleturen innom fire butikkar I AMFI Knarvik mellom 14. juni-31. august.
  • Få stempel/signatur på konkurransekupongen og legg den ferdig utfylte kupongen i postkassa ved båten på Sentrumstorget.
  • Alle felta må vere stempla/signert for at kupongen skal vere gyldig.
  • Utfylt kupong gir deg eit lodd i trekninga av båten.
  • Konkurransekupong får du i butikkane i AMFI Knarvik.
  • Du kan delta så mange gongar du vil.

Ikkje medlem?

  • Meld deg inn i AMFI Knarvik sin kundeklubb HER.
  • Last ned Min Shopping-appen og vel AMFI Knarvik som ditt senter.

Premiane i sommartrekninga er gitt av AMFI Knarvik i samarbeid med E39 Båt og Henger og Tysse.