Send inn forslag til vinnar av Amfelia & Oskar-prisen

Amfelia og Oskar med gavesjekk i AMFI Knarvik

Laurdag 17. juni skal vi dele ut den aller første Amfelia og Oskar-prisen på AMFI Knarvik. No kan du nominere kandidatar.

Kjenner du nokon som fortener ein hyllest? Amfi heier på lokale lag, foreiningar og eldsjeler som skaper gode opplevingar for barn og unge.

Det er mange lokale aktørar som jobbar hardt for å tilby gode fritidstilbod til barn og unge, så dei får ein aktiv og trygg kvardag. Dette ønskjer vi å setje fokus på gjennom Amfelia og Oskar-prisen.

Send inn forslag

Kjenner du nokon som strekkjer seg langt for å glede barn og unge? Det kan vere eit idrettslag, korps, ein fritidsklubb, ein frivillig som alltid hjelper til, eldsjelene finns på alle arenaer.

Send inn ditt forslag til finalist til

• amfi.knarvik@olavthon.no innan måndag 29. mai!

Stemmene blir talt opp og vinnaren skal kårast!

Alle dei fire finalistane gjer ein ekstra innsats for at barn og unge i lokalsamfunnet vårt skal kunne ha ein aktiv og trygg kvardag, og vil få både diplom og velfortent heider og ære. Vinnaren vil i tillegg få ein gåvesjekk på kr. 10.000,-.

Dei fire finalistane finn du og kan gje din stemme til på AMFI Knarvik si heimeside, i perioden 7.-15. juni 2023.

Du kan også stemme fysisk på senteret, på standen på Sentrumstorget. Meir informasjon om avstemminga kjem etter at finalistane er offentleggjort.

Vi gler oss, og håper du har lyst til å vere med å vise din støtte ved å nominere kandidatar og stemme.