Bergen Fjell og FjordTur 2022

Bli med på ein vakker turmarsj mellom fjord og fjell frå Bergen til Knarvik Senter laurdag 18. juni. I år kan du også jakte stolpar på vegen.

Bergen Fjell og FjordTur er ein turmarsj/løp på ca. 27 km i regi av KnarvikMila. Turen går frå Fløyen i Bergen til Knarvik Senter. Store deler av traseen følgjer den gamle postvegen, og held fram over Nordhordlandsbrua, Flatøy og Hagelsundbrua før målgangen rett utanfor Knarvik Senter. Dersom du ikkje vil gå heile turen kan du starte frå IKEA i Åsane (14km). Det er ei eiga klasse for løp. Her er det berre start frå Fløyen. I løpsklassen blir det tidtaking og premiering til dei tre beste kvinner og menn.

Målgang i Knarvik Senter

Turen endar i Knarvik Senter der det vert servering av bagettar frå Big Bite og drikke til alle deltakarar. Bruk inngangen ved Vinmonopolet etter målgang.

Sagstad Skulekorps lagar feststemning og spelar ved målgangen kl. 13.00. Maskotane til KnarvikMila, Milla og Milius, er sjølvsagt på plass for å heie og helse på.

Det blir premieutdeling på Vestretorget til dei beste deltakarane kl. 13.30.

Les meir informasjon om påmelding, tidspunkt, transport og andre praktiske detaljer HER.

Ekstra stolpejakt

Er du ein av dei mange tusen som er med på Stolpejakten Alver? Då kan du få med deg ti bonusstolpar på turen frå Bergen til Knarvik denne dagen. Alle som tar stolpane på vegen er med i trekninga av ekstra premier. Det blir også trekt premier på startnummer for alle deltakarar.

Stolpejakten Alver vert arrangert av KnarvikMila, Knarvik Senter og Alver kommune. Stolpejakten har i år 80 stolpar og varer til og med 31. oktober.