Høstens mattrender

Bord med forskjellige retter
Tre småretter som er perfekte til å delast.
Dame som handler grønnsaker
Julie Ilona Balas, betre kjent som @juliesmatblogg, elskar å invitera familie og venner på både frukost, middag og snacks. La deg inspirera du også!
Venner spiller brettspill
Kvifor ikkje spela litt brettspel med kjende og kjær etter eit vellykka måltid?

Smårettar og sosial mat er blant dei største trendane på matfronten i haust. Her er 3 oppskrifter som sikrar eit vellykka lag.

Tapas, meze, pintxos og koldtbord. Verda av smårettar rommar så mangt, og passar perfekt til heitaste mattrend i haust – nemleg det å ete saman.

For mat er sosialt, og hausten er ein perfekt tid for å samlast rundt bordet, ete god mat og få tid til å prate og kose seg saman.

Saml familie og venner i haust

– Eg syns all mat smakar betre når ein et den saman med nokon, seier Julie Ilona Balas.

Ho står bak Instagramkontoen @juliesmatblogg og har gitt ut fleire kokebøker, mellom anna boka «Spis sammen», med oppskrifter på små og store rettar laga for å delast.

Sørlendingen, som no bur i Oslo, er oppvakse i ein matglad familie, som ofte var samla rundt matbordet og drog på reiser saman for å ete god mat.

– Men det var først då eg flytta for meg sjølv og måtte lage maten at interessa for mat verkeleg blomstra. I dag elskar eg å invitere familie og venner på små og store lag, fortel Julie.

Ho merka som mange andre eit sakn etter det sosiale under lockdown, og trur det er hovudgrunnen til at det er meir fokus på å samlast rundt matbordet no.

– Det treng ikkje vere så fancy. Nokre smårettar og litt snacks, og gode samtalar rundt bordet, er ein perfekt måte å både ete eit godt måltid og halde seg oppdatert på livet til venner og familie.

Vennegjeng på kjøkken lager mat og prater
Inviter til spleiselag, eller spør gjestane om hjelp til å laga mat eller rydde. Det er både sosialt og hyggjeleg!

JULIES BESTE TIPS TIL EIT VELLUKKA OG STRESSFRITT LAG

– Planlegg menyen på førehand. Då kan du enkelt sjå kva ingrediensar du har i skap og kjøleskap frå før, og slepp kanskje å handle inn så mykje.

– Send ein formell eller uformell invitasjon til gjestane. Det er alltid stas å få!

– Gje ein person rundt bordet ansvar for å fylle vatn. Som vert er det meir enn nok av andre ting å halde styr på.

– Eg er veldig fan av spleiselag. Sjølv om du inviterer på mat treng du ikkje nødvendigvis å stå for heile rekninga sjølv. Det er også lov – og ofte veldig hyggeleg og sosialt – og spørje om hjelp til både matlaging og rydding.

– Hugs at det ikkje alltid treng å vere ein full middag. Det er like koseleg å invitere venner eller familie på spelkveld med litt snacks, eller på frukost eller kveldsmat.

TIPS!

Sitron kan løfte eit kvar måltid og gjere alt som er litt kjedeleg mykje meir spennande. – Sjølv har eg alltid sitron tilgjengeleg. På dagar med lita tid eller inspirasjon er det til dømes perfekt å lage pasta med olivenolje og sitron. Så enkelt, men så godt!

Nærbilde av hender som kutter opp grønnsaker
Det er mange fordelar med å følgja trenden om å eta meir grønt!

Grønt er skjønt

Også berekraftig mat, og det å eta meir vegetarisk, er ein stor trend i haust. Det trur Julie det er fleire grunnar til:

– Ikkje berre er det godt for miljøet, men det har også vorte meir allment. No oppmodar mellom anna dei offisielle kosthaldsråda å eta meir grønsaker og mindre kjøtt. Og ikkje minst så finst det meir inspirasjon der ute, som gjer det meir motiverande og enklare å ta gode val.

Ein bonus er at det er godt for både helsa og lommeboka å eta vegetarisk. I tillegg kan du støtta lokal matproduksjon.

Og sjølvsagt er det fullt mogleg å laga eit komplett måltid basert på vegetariske småretter:

– Tenk at du skal ha litt ulikt konsistensar og strukturar på rettene. Eg pleier å kombinera litt ulike harde og gjerne crunchy grønsaker, som gulrøter, søtpotet eller vanleg potet, med mjuke grønsaker, ulike rører og dipp. Og så bruker eg bønner eller kikerter for protein, og litt syrleg, frisk ost, t.d. fetaost eller labneh av yoghurt, seier Julie.

– Men kanskje det viktigaste av alt: Ikkje stress med matlaginga. Lag noko som er lett å laga til mange og kos deg medan du held på!

Noen som har piknik med forskjellige retter i skåler
Server rettene saman, eller som her, saman med fleire småretter, dekk opp eit fint bord – og du har eit komplett måltid å servera familie eller venner.

Her er tre smårettar som passar godt å servere saman, anten som ei trio eller saman med t.d. glaserte gulrøter med sumak, marinert fetaost og steikt brokkolini med dukkah.

Oppskriftene er henta frå Julies kokebok «Spis sammen» der du finn fleire inspirerande oppskrifter på vennemiddagar, deleretter og snacks.

Auberginrøre:

Ei velsmakande og spenstig tilbehørsrøre med ein smak inspirert av Midtausten.

Ingrediensar:

  • 1 middels stor aubergin
  • 1–2 ts fint salt
  • 4 ss mild olje
  • 4 kvitløksfedd
  • 1 spisspaprika
  • 1 ts malt spisskumin
  • Salt
  • 1 neve frisk koriander

Framgangsmåte:

  1. Skjer vekk stilk og botn på auberginen, og skjer auberginkjøtet i små terningar. Legg dei i eit dørslag, og dryss over rikeleg med salt. Lat dei liggje i 15–20 minutt for å svette ut fuktigheita.
  2. Varm oljen i ei stor jernpanne eller jerngryte på middels til høg varme. Steik auberginen i 5–10 minutt, til den fell saman og er gyllenbrun og fin.
  3. Dempar til låg til middels varme. Finhakk kvitløken, og skjer spisspaprikaen i strimlar. Ha det heile i panna. Tilsett spisskumin, og steik vidare i 15–20 minutt. Smak til med salt.
  4. Grovhakk korianderen, og rør den inn heilt til slutt.

TIPS!

Her er det viktig å velje ei aubergin som kjennest fast og tung, utan skadar eller søkk i skinnet. – Har ho eit søkk er det eit teikn på at ho er overmoden, så sjå etter ei tung og blank aubergin, forklarer Julie.

Agurksalat med sylta raudlauk, mynte og oliven

– Denne sprø og fargerike agurksalaten er eit must til kvit fisk, grillmat eller som ein av fleire rettar på eit snacksbord. Eg synest også den passar særleg godt saman med sprøsteikte søtpoteter, seier Julie.

Ingrediensar:

  • 1 raudlauk
  • Safta av 2 lime
  • 1 ss 7 % eddik
  • 1 ts sukker
  • 2 agurker
  • 100 g grøne oliven, uten steinar
  • 1 neve frisk mynte
  • 1 ss god olivenolje
  • 1 klype salt

Framgangsmåte:

  1. Start med å hurtigsylte raudlauken: Finhakk raudlauken, og ha han i ei lita bolle. Press over limesafta, og rør i eddiken og sukkeret. La lauken marinere i 15–20 minutt. Rør rundt av og til.
  2. Del agurkane i to på langs. Skrap ut kjernen med ei skei, og skjær deretter agurken i omtrent 1⁄2 cm tjukke halvmånar.
  3. Riv olivenene i mindre bitar, og grovhakk mynten.
  4. Sil av syltelaken frå raudlauken. Bland alle ingrediensane til salaten. Til slutt vend du i olivenoljen, og smak til med salt.

TIPS!

Ønskjer du å hengja deg på NoLo-trenden, altså å drikka alkoholfritt (No) eller drikke med låg alkoholprosent (Low), finnast fleire gode alternativ til desse rettene. Sjekk til dømes ut dei norske produsentane Villbrygg og Ambijus, som m.a. lagar drikke inspirert av naturvin, laget med ingrediensar som bær, frukt, te og urter.

– Ein skikkeleg digg eplejuice, som har litt den same syra som ein får i vin, er også eit godt alternativ, tipsar Julie.

Sprøsteikte søtpoteter

– Dei fleste er nok samde med meg i at mør søtpotet er ganske kjedeleg. Sprøsteikt søtpotet, derimot ... ! Det er magisk.

Små søtpoteter fungerer best, sidan mest mogleg skal per søtpotetbit gjer dei ekstra sprø. Søtpotetene kan serverast som tilbehøyr, utan noko til eller toppast med crispy kikerter og finhakka saltsylta sitron for å gjera det ekstra spennande.

Ingrediensar:

  • 1 kg (små) søtpoteter
  • 1 dl mild olivenolje
  • Safta av 1 lime
  • 1 ts paprikapulver
  • 1 ts malt spisskumin
  • 1 ts malt koriander
  • Ca. 2 ts salt

Framgangsmåte:

  1. Forvarm ovnen til 190 grader, varmluft.
  2. Skrubb søtpotetene godt. Skjer dei i grove bitar eller cirka 2 cm tjukke skiver.
  3. Bland olja, limesafta og kryddera i ein stor bolle. Vend søtpoteta i marinaden, så alle bitane er godt dekte.
  4. Fordel søtpoteta på eit bakebrett, utan bakepapir. Då svir ho seg litt fast, og blir skikkeleg crispy.
  5. Steik søtpoteta i 15 minutt, før du tek ut brettet og snur alle bitane. Steik vidare i 10–15 minutt, eller til søtpoteta er skikkeleg gyllenbrun og sprøsteikt i kantane.

– Søtpoteten kan serveres som den er, eller toppes med crispy kikerter og finhakket skall fra saltsyltet sitron. Eller andre digge ting du har lyst på! tipser Julie.

Oppskrift fra
Julies matblogg
Foto
Anne Valeur & getty
Produksjon
Amfi Kreativ