Dette er sminke- og hårtrendene som gjelder nå



Gå hausten i møte med sotete auge og nyføna pannelugg! 90-talet sitt «back to basic» er tilbake.
Fargefesten er over, men det blir langt ifrå stille og keisamt! Hausten sminkje- og hårtrendar er punka, grunge-inspirert og rocka, og har 90-talets største skodespelarar i hovudrollane.
– Etter pandemien var folk overmodne for fest og moro, det var fargar og glam overalt. No har det roa seg ned, seier sminkjeartist og hårstylist, Jeanette Gjerde Olsen.
Ho gler seg over at dei mørke tonane er tilbake:
– I haust vil vi sjå mykje eyeliner, og fargar som svart, grått og sølv. Etter ein lang periode med sterke fargar og glam, er det gøy at det kjem noko nytt!
Tenk TV-serie
– Vi har gått gjennom ein periode med mykje av 2000-talet sine fargar og glam, og no beveger vi oss over til 90-talet sitt «back to basic», med luftige 90-talslugger, sideskil og oppklipt hår. Tenk på tv-seriar som Friends og Beverly Hills 90210, råder stylisten.
På Catwalken sprader modellar som minner om 90-talet sine største stilikon med Jennifer Aniston og Courtney Cox, og deira rollefigurar Rachel og Monica i spissen.
– I haust er det bob-lengda som gjeld, og gjerne litt tynnare lugg. Sideskil er også tilbake. La deg inspirere av Rachels sideskil og Monicas luftige lugg.
Det er på høg tid å sjå gamle tv-seriar om igjen, med andre ord! Ikkje bere for underhaldninga si skuld, men også for stilinspirasjon.
Tips!
– I haust er det enkelt og rimeleg å få ein ny og trendy «look». Du kan til dømes klippe lugg og kjøpe ein leppestift i ein farge du ikkje har prøvd før, seier stylisten.
Les også:



G for grunge
Grunge- og punk-stilen har byrja å ulme igjen, og drar med seg sommarens «wetlook» vidare inn i hausten.
– Det å style håret så det ser vått ut, pleier å være ein vår- og sommartrend, men i år har trenden dukka opp på haustvisningane. Det er nok fordi punken er tilbake.
– På catwalken går det i svart, grått og sølv, og statement-lepper med mørke fargar som burgunder, lilla, blått og svart. Det er også stort fokus på auge, som i haust skal være sotete. Løsvippar derimot, er det lite av no, fortel Jeanette.
Viss løsvippane losnar, kan du altså berre la dei falle. No skal alt vere meir rufsete og tilfeldig: sotete auge, mørke statement-lepper og rufsete hår.
Viss du synes det blir mykje med mørke, glossy lepper og lipliner til kvardags, veit sminkjeartisten råd:
– Det er masse fine fargar å velje mellom no! Dropp liplineren og vel til dømes ein brunoransje eller burgunderraud leppestift som du kan tappe lett på leppene, eller berre ein gloss.
TIPS!
For å få freshe statement-lepper, er det viktig at leppene ikkje er tørre. Skrubb leppene med ein leppeskrubb før du legger leppestiften.


Nakent ansikt
Sjølv om sommaren er over, og sotete auge og mørke lepper er i vinden, kan du velje å la sminkjepungen ligge. «No makeup»-trenden held fram, og det enda meir enn før.
– Det har vore mykje tung foundation og blush, men no er det på tide å legge vekk conture-sticken, fortel sminkjeartisten.
Bryna får det også lettare. Dei skal vere tynne og ikkje lenger vere det første ein legger merke til. Likevel åtvarar sminkjeartisten å gå amok med pinsetten før du har prøvd deg fram.
– På 90-tallet skulle bryna vere så tynne at fleire barberte dei bort og teikna ein tynn strek av eit augebryn over. Det finst heldigvis fleire teknikkar for å style bryna tynnare. Bruk ein browgel og grei dei litt saman, før du eventuelt går meir drastisk til verks.
– Det er større fokus på individualitet. Alle kler ikkje tynne bryn, så prøv deg fram.
TIPS!
Har du ureinheter, kan du framleis dekke over desse og samtidig følgje «no makeup»-trenden. Bruk concealer der du treng det, men dropp det heildekkande laget med foundation.
Les også: