Kle deg glad

Glad dame står med skulderen til kamerat og ser ut av bildet. Oransje vegg og ikledd oransje kjole med store rosa blomster.
Jente står foran svart vegg. Har mørkt langt hår, svart topp, svart skinnbukse og en fargerik stripete cardigan over. Ser bort fra fotografen.
Jente står i trapp på kjøpesenter, smiler til fotografen. Har på seg svarte skinnbukser og en strikkegenser med striper i fargene, aqua, grønn, dus rosa og kremhvit.
Vi:Ki har gode genserar og jakker i fleire fine fargar. Bytt ut jeansen med ei stilig skinnbukse for eit tøffare og litt meir pynta antrekk.
Dame sitter i hvit trapp, ikledd grønn bluse og småblomstret skjørt
Sjølv om du ikkje har noko anna plan enn å berre vera heime, så kan det vera godt å kle seg i litt finare klede. Eit skjørt og ein bluse er både komfortabelt og fint.
Smilende dame med lyst hår ser bort fra kameraet, står med hendene bakpå hoftene. Har på seg rosastripete genser.
Dame med lyst hår står lent mot et gjerde. Har på seg blåe jeans, lilla genser med en grønn, hvit og lilla-rutete skjortejakke
Smilende dame sitter halvveis i en vinduskarm, ser på kameraet. Har på seg grønne bukser, og lys topp med grønne blad på.
Våren er komen til Zavanna og her er det berre å setje saman fine antrekk i favorittfargane dine.
Jente sitter å knyter skoene ute på en benk. har på seg hvite sneakers, svart skinntights og en skjortejakke med ruter i dus brun, beige og rosa.
Glad i duse og nøytrale fargar? Sjekk ut den fine skjortejakka, (shacket) i duse beige- og bruntonar. Denne finn du hos Vi:Ki.

Saknar du å pynte deg? Da er du ikkje åleine. Fine klede og fargar gjer oss glade – les tipsa og bli inspirert til å pynte deg litt meir i kvardagen.

No går det mot vår og lysare tider, og mange av oss kjenner at det er på tide å riste av seg vinteren og fjoråret, som vart det store joggebukseåret. No har vi lyst til å pynte oss litt att, men må det verkeleg vera eit spesielt høve?

Vi har nokre tips og vonar du finn inspirasjon til å pynte deg litt ekstra framover – gjerne på ein vanleg kvardag. For om du blir glad av å pynte deg, ikkje vent på betre tider eller den store sommarfesten. Start i dag og børst støvet av dei fine blusane dine eller leit fram favorittkjolen din.

Og du, vår- og sommarnyhenda finn du allereie i butikkane. Det er fine fargar, materiale og plagg som minner oss om at det vert sommar i år òg. Stikk gjerne innom senteret for å ta ein titt!

1. Kle deg litt finare enn anledninga tilseier

Kjole på ein vanleg måndag? Sjølvsagt! No når det er lenge mellom kvar festlege anledning, lyt vi utnytte kvardagane våre betre. Da vert det plutseleg flust av anledningar å pynta seg til likevel.

Kvifor ikkje byrja med å pynte deg litt meir enn vanleg til ein dag på jobben? Har du ein jobb der du er nøydd til å bruke arbeidsklede, pass på at det heng eit fint antrekk i garderoben til du er ferdig for dagen. Til neste familiemiddag, still opp i sommarkjolen du ikkje kunne vente med å bruke. Med eit par varme strømpebukser kan du fint bruke sommarkjolane dine heile året.

Digitale treff med gode veninner? Kva med å planleggja ein digital fest med nokre veninner der de avtalar å pynte dykk. Det gjer heilt sikkert noko med stemninga! Ein liten tur ut for å handle, kaffikopp med bestemor, ut å hente posten eller heimekontor, same kva for ei anledning det er snakk om er det rom for å pynta seg.

2. Kle deg i fargar

Fargar påverkar oss i større grad enn vi kanskje trur, og nokre fargar gjer oss gladare og meir energiske. Gul, oransje og raud er fargar som gjev energi og kan gje positive assosiasjonar. Kanskje blir du ikkje berre gladare sjølv, men muntrar opp nokon av dei du har i rundt deg òg.

Du har kanskje fått med deg at ein av dei store trendfargane denne våren er rosa. Rosa er søt og snill, men kan og vere energisk og kraftfull. Bland gjerne fleire rosanyansar i same antrekket om du vil. Rosa er alt frå dei lyse og duse tonane til dei sterke og kraftfulle.

Likevel er det viktigast at du kler deg i fargane du likar. No er det heldigvis eit breitt utval av fargar i motebiletet, og omtrent alle fargar er «lov». Set gjerne saman fleire fargar eller fargenyansar i same antrekk om du vil. Fargekombinasjonar er smak og behag – så lytt til magekjensla.

Overrasket dame med rosa skjorte, leppestift og blåe jeans foran en knallgul vegg
Kle deg i fargar som gjer deg glad. Sesongens trendfarge er rosa. Tør du?
Smilende dame med lyst hår, satt opp i en bun. Har på seg turkisblomstret bluse og mørkeblåe jeans.
Ein lekker bluse og eit par øyredobbar er alt som skal til for å pynte seg litt i kvardagen! Antrekket finn du hos Zavanna.
Jente i skinntights og fargerik stripete cardigan holder opp den ene hånda foran seg for å vise frem neglelakken. Neglelakken er sølvfarget, og det kan se ut som den glitrer.
Ikkje gløym neglelakken! Her set modellen hos Vi:Ki prikken over i'en med ein kul sølvfarga variant.
Rosa bakgrunn og to hender med neglelakk i ulike pastellfarger, lilla, rosa og oransje.
Tilbehør dandert utover en hvit flate. Rosa skjerf, rosa øyenskygge, gullringer, parfymeflaske uten etikett, svarte runde solbriller og brun skinnveske med detaljer i gull.
Hoppende og glad dame i rosa joggedress foran rosa vegg

3. Fine detaljar

Det treng ikkje vera store hendinga for at du skal kunne pynte deg og det treng ikkje vera store innsatsen som skal til for at du har pynta deg litt. Av og til er det nok med eit par fine detaljar, som smykke, øyredobbar, hårpynt, naglelakk eller eit par fine sko.

Eit godt døme er joggebuksa. Om du ikkje er klar for å gje slepp på joggebuksa enno, er det godt mogleg å style ho litt finare. Berre bytt ut ei utvaska t-skjorte og raggsokkar, med ein blazer og eit par lekre sko eller gå for ein joggedress i ein fin farge. Her er det mange ulike variantar å sjå blant influensarane for tida, og i butikkane finn du eit stort utval av joggebukser i fleire fine fargar.