Sjå interiørtrendane som vil prege våren

Kontor i en lys og moderne stue. Innredet med lyse tredetaljer og blåtoner
Utsnitt av vask og kjøkkenbenk med trefjøler stående langs veggen. Hvite blomster i vasken.
Av og til kan enkle ting som ei dekorativ trefjøl vere nok til å gje interiøret det vesle ekstra. Plasser ho lent opp mot veggen på kjøkenbenken, gjerne saman med blomster eller ei grøn plante, og du vil sjå at kjøkenet får nytt liv.
Utsnitt av et konsollbord i tre, samt et bilde med treramme over bordet.
Fargepaletten til våren minner oss om naturen og kan fint kombinerast med naturlege element som treverk og grøne detaljar.
Lyseblått rom med en hvit seng med lyseblått sengetøy i lin
Lin kjem i eit utal fargar, så her er det berre å velje og vrake blant herlege sengekle og anna tekstil.

Vi går mot lysare tider og vil fylle heimane våre med glade fargar og naturlege materiale, som leiar tankane til varmare land. Her er vårens interiørtrendar.

2020 vart eit annleis år for oss alle, og vi har vore meir heime enn nokon gong. Korleis vi brukar heimane våre har endra seg drastisk og vi ønskjer både fargar og naturlege materiale velkomne.

Under har vi samla tre trendtips for året som kjem. Nyhenda finn du i favorittbutikken din på senteret.

Naturlege tendensar

Det er ikkje til å leggja skjul på at naturen har ein avslappande effekt på oss. Etter eit stressande år er det difor ikkje så rart om vi ønskjer å omgje oss med naturlege materiale, som skinn, tre, glas og stein. Den naturlege trenden ber preg av at vi har bruka mykje tid heime, og at vi har fått augo opp for tidlaust design og materiale som varar og seinare kan gå i arv. Det same gjeld interiør med mjuke liner som kan minne oss om vatn og skyer. Og i butikkane finn du speil med organiske og mjuke liner, og blomsterpotter, vasar og lampeføter inspirert av naturens silhuettar. Vi har og eit behov for meir fargar i heimen, og vel dei som minner oss om naturen og positive tider – som gult, grønt og blått. Gulfargen representerer sol og sommar, og skal i følgje ekspertane gjere oss gladare og meir positive.

Har du lyst til å kaste deg på den naturlege bølgja, kan du gjere dette med enkle grep. Måling er ein super måte å fornye heimen din på – enten du vel å måle heile rommet, ein kontrastvegg eller eit møbel. Eit tips er å velje fargar som harmoniserer godt med resten av interiøret, samt ei farge du trivast med. Likar du ikkje sterke fargar, kan det vere lurt å velje ei lys farge, som for eksempel lysegul eller andre pastellar. Dei vårlege fargane passar godt saman med møblar og detaljar i tre, uavhengig av kva for eit treverk du vel. Kombiner det med naturlege materiale som skinn og lin, og gå gjerne til innkjøp av dei populære flettakorgene. Her kan du oppbevare alt i frå fyringsved til tepper og magasin.

Kontorplass i en moderne leilighet, fylt med møbler og detaljer i lyst tre.
Treverk finn du i alt frå rammer og små detaljar, til bord og stolar. No er det supertrendy med lys eik, eit materiale som passar godt til dei vårlege pastellane. Bruk gjerne grøne planter for å fullføre stilen.
Middelhavsinspirert stue med store, rustikke tremøbler og lyse lintekstiler
Gå for lyse tekstil i lin og bruk gjerne grøne plantar til å setje farge på interiøret.
Utsnitt av et bord dekket med naturlige materialer i lin, tre og betong.
Tre vaser i matt betong på et bord med linduk
Vårens vasar kjem i mange former og variantar. No er det populært med matt betong – gjerne med pampasstrå eller anna trendye snittblomster.
Middelhavsinspirert kjøkken i duse fargetoner
Beige og brent oransje er ein lekker fargekombinasjon som minner oss om Middelhavet.

Inspirert av Middelhavet

Etter snart eit år utan reising, lengtar vi etter sol og varme. Det ber interiøret vårt preg av. I mangel på reising innreier vi no gjerne med keramikk og grove materiale som minner oss om stader ved middelhavskysten. Fargar som går att er beige, sandtonar, brunt og oransje. Du kan og nytte fargar som lyseblå eller gul dersom du ønskjer å setje litt meir farge på interiøret. Kva med å gå til innkjøp av blåe serveringsbollar i keramikk? No er det superhot med glasert keramikk og farga glas, og butikkhyllene er fulle av potter, vasar og servise i alle slags farger. Dei populære terrakottapottene er og ein nydeleg detalj til dei andre naturlege tonane. Style ho med grøne planter med inspirasjon frå varmare strok, som oliventre, sitrontre eller fikentre. Eller kva med å bruke urter som pynt på kjøkenbenken? Her er rosmarin eit passande alternativ.

Du kan og sjå etter vasar i matt betong og materiale som lys lin på både puter, sofa og sengekle. Dette er typiske materiale for middelhavskysten og kan godt kombinerast med store, rustikke tremøblar.

Mørkegrønn vegg med en matchende mørkegrønn sofa i fløyel, samt to små bord
Grøn fløyel saman med mørkt treverk gjev oss 70-talsvibbar!
Utsnitt av 70-tallsinspirert stue innredet med lysebrun skinnsofa, teppe og en blå skinnpuff
70-talsfargane er tilbake! Det same er skinn og store, mjuke sofaar.

70-talet er tilbake

Det er ikkje nokon tvil om at 70-talet har prega både mote og interiør dei siste åra. I 2021 ser vi auka bruk av fargar som gul, grøn og oransje, i tillegg til dei typiske 70-talstekstila som brunt skinn og fløyel på dei litt større møblane. Til og med det populære blomstermønsteret er å sjå på både veggar og tekstil denne våren.

Mange vil nok seie at 70-talsstilen er eit motsvar til den reine, nordiske stilen. Heldigvis er det enkelt å kombinere 70-talsstilen med andre stilar, og du treng ikkje å bytte ut mykje for å få kjensla av ein ny heim. Eit tips er å sjå etter fargar som kan passe til dei du allereie har, og velje interiør og møblar ut i frå dette. Kanskje er ein ny sofa i grøn fløyel nok, eller så er nye tekstil alltid ein enkel måte å fornye heimen på. Her kan du til dømes sjå etter puter med blomstertrykk eller fargar som grøn og oransje. Detaljar i rotting og makramé er og veldig trendye denne våren og passar perfekt til 70-talsstilen.

Rom i duse farger og tremøbler
Makramé kan nyttast som pynt til veggen eller som blomsterpotte – alt etter kva du likar best.