Meny
 

Handtering av smittevern ved AMFI Ulsteinvik

avvikende åpningstider

Her vil vi oppdatere informasjon om beredskap, og vår handtering av situasjonen rundt Koronaviruset. Informasjonen i artikkelen vil bli oppdatert fortløpande, dersom det kjem endringar.

 

Kjære kundar,

Vi er inne i ei spesiell tid, men vil gjere vårt aller beste for å avgrense vidare smittespreiing og leggje til rette for ein trygg handel. Vi har derfor sett i verk fleire tiltak for å førebyggje og avgrense smitteomfanget.

 

Vi har mellom anna auka reinhaldet og lagt til rette for endå betre handhygiene, for både tilsette og kundar på senteret. Stasjonar med antibac er montert ved alle vår inngangar og butikkane held alle kontaktflater og terminalar reine.

 

Vi held oss til ei kvar tid oppdatert, og rettar oss etter råd og retningslinjer frå FHI. For oppdatert informasjon om endringar og staus på senteret, sjekk Facebook-sida vår.

 

Vi oppmodar alle til å støtte det lokale næringslivet så langt det let seg gjere, men fyrst og fremst ta vare på kvarande og fylg dei offentlege råda.

  

AMFI Ulsteinvik følgjer nasjonale retningslinjer når det gjeld håndtering av smittevern på vårt kjøpesenter. I den forbindelse har vi satt i gang fleire tiltak. Her kjem informasjon om dette. Vi gjer merksam på at det kan komme endringar!

 

 

AMFI Ulsteinvik blir drifta som normalt, men med reduserte opningstider. Den midlertidige reduserte opningstida vil gjelde i perioden fredag 13. mars-torsdag 26. mars 2020. 

Nye midlertidige opningstider er:

Mandag-fredag: 10-16

Lørdag: 10-16

 

Klikk her for å sjå oversikta.

 

Gjeld ikkje dagligvarebutikkar og apotek som følgjer eigne opningstider.

 

Vi oppfordrar alle til å følgje helsemyndigheitene sine råd om å ikkje hamstre mat. 

 

Øvrige tiltak på AMFI Ulsteinvik

12. mars vart det vedteke ei rekke tiltak som skal redusere smittefaren ved kjøpesenteret og våre tilsette. 

HER KAN VI mellom anna NEmNE:

  • Auka reinhald med ekstra fokus på berøringsflater.
  • Redusert opningstid.
  • Tilgang på antibac på senteret
  • Informasjon om korleis ein unngår overføring av smitte i kjøpesenteret.
  • Vi råder kundane og tilsette i butikkane om hygienetiltak.
  • Leiinga av senteret, vektarar og renhaldspersonale på kjøpesenteret skal jobbe mest mogleg adskilt.
  • Alle arrangement og aktivitetar, mellom anna Prisfesten, er avlyst.