Meny
 

Go'biten kafe og konditori

hovedbilde

I første etasje på senteret finn du Go’biten kafe og konditori, ei perle som tilbyr heilt enkelt god mat.

For dei dagane ikkje noko anna enn eit skikkeleg måltid med heimelaga tradisjonsmat freistar er me så heldige å kunne gå hit. Hjå Go’biten serverer dei heimelaga middag kvar dag, og kvar torsdag er det raspeball og salta kjøt på tallerken. Og om du ikkje allereie visste det, så finn du verdas beste hedlekaker her!

 

Men det er ikkje berre tradisjonsmat på menyen, dei tilbyr og heimelaga kaker, burger, burrito, smoothie og ferske påsmurte rundstykkjer. Dei lagar og kaker på bestilling, og skulle det vera behov for møtemat har dei det og.

 

Det er altså ein ting som er sikkert, du går ikkje svolten i frå Go’biten.

 

 

PS! Kvar dag tilbyr dei «dagens middag» til berre kr 98.