Meny
 

Medlemsvilkår

Takk for at du er medlem av kundeklubben til AMFI Ørsta.

 

AMFI Ørsta sin kundeklubb er lagt opp som ei elektronisk basert teneste. Det er gratis å vere medlem og vi sender primært ut sms og e-post.

 

Kundeklubben nyttar auto-oppslag for å gjere registreringa enklare for deg. Personopplysningar som blir henta ut automatisk er namn, adresse, kjønn og fødselsdato. Du er sjølv ansvarleg for å rette opp eventuelle feil som er lagra på ditt mobilnummer. I tillegg kan du som medlem registrere interesser, tal born og alder på borna.

 

Personopplysningar og den innsamla informasjonen vil bli nytta av AMFI Ørsta sin kundeklubb til å sende deg kampanjetilbod via e-post og/eller mobil, avhengig av kva du har takka ja til. Opplysningane om deg blir registret og nytta for å gi deg fullgod medlemsservice. Det betyr at vi kan tilpasse medlemskapet til deg og dine preferansar. Mellom  anna kan vi tilpasse medlemstilbod, medlemsinformasjon, nettsider, appar, digital kommunikasjon og dei andre tenestene og fordelar som vil tilbyr medlemmene våre.

 

Der data også går innom tredjepart, til dømes ved gjennomføring av spel/konkurransar, blir ikkje  medlemsopplysningar lagra hos tredjepart. Dei har heller ikkje innsyn i eller høve til nytte slike opplysningar.

 

Vi lagrer dine personopplysningar så lenge du har eit kunde- eller medlemsforhold til AMFI Ørsta sin kundeklubb, eller så lenge som lova tillet det. Ved utmelding vil alle personopplysninger om deg automatisk bli sletta. Utmelding kan gjerast via nettsidene våre, app eller ved å sende sms STOPP ORSTA til 2070. Avmelding i nyhetsbrev gjeld berre kommunikasjon via e-post.