Meny
 

Finn vegen

Vi ønskjer deg velkomen til senteret vårt. Her ser du kvar du finn oss.

Bil
Frå Ålesund følgjer du E39 i retning Ørsta. I sentrum tek du av til høgre like etter ein slakk høgresving og ein liten bakke ned. Frå Volda følgjer du E39 til sentrum av Ørsta. Etter rundkøyringa følgjer du E39 200 meter og ser då skilttårnet på Amfi på venstre side. Ta av til venstre like etter.

 

Buss
Buss nordfrå (Ålesund/Molde) eller sørfrå (Nordfjord/Volda) stoppar på busshaldeplass ca. 100 m frå senteret.

Parkering
Senteret har 400 gratis p-plassar og 6 HC-plassar med kort veg til inngangsdør. På nordsida av senteret er det fem korttidsparkeringsplassar.

Kartkoordinatar

Breiddegrad: 62.199290
Lengdegrad: 6.124450