Meny
 

Åpningstider

10-19 (17)

Kontakt

483 84 454 Send e-post

POWER er Nordens nye elektrogigant som utfordrar marknaden med prisrobot og oppdaterte nettprisar i butikk.


POWER-suksessen starta i Danmark i 2015. Seinare opna vi i Finland og Sverige, og i mai 2017 kom POWER til Noreg.


I POWER ønskjer vi alltid å ligge eitt steg framom, fordi vi veit at smarte, effektive løysingar held prisane låge, samtidig som det gir den beste handleopplevinga for kundane.


Vi kallar butikkane våre POWER-butikkar, og dei er fylt opp av ENGASJERTE medarbeidarar, eit GIGANTISK produktutval – og alltid OPPDATERTE nettprisar. Prisroboten skannar marknaden og oppdaterer prisane på nett og på digitale prisskilt i våre POWER-butikkar.


Som eit nordisk konsern har vi stordriftsfordelar og er kostnadseffektive, noko som kjem kundane til gode i form av låge prisar.


Å jobbe i POWER betyr å ta del i kulturen som består av MOT, GLEDE og BEGEISTRING. Ein POWER-medarbeidar har MOT til å gå framom, kan GLE seg over kollegaene sin suksess og BEGEISTRE kundane med kunnskap om teknologi.


Vi veit nemleg at mange treng hjelp til å ta i bruk ein ny mobiltelefon, ei aktivitetsklokke – eller det nye smart-kjøleskapet. POWER er der for å hjelpe. Fordi POWER kan teknologi.


Sjå heile utvalet på POWER.no, eller besøk oss på senteret. Hugs, vi har lik pris på nett som i butikk.

Merker:

Butikkategori: