Meny
 
fat med grillmat

Klar for grillfest?

Hos oss finn du ei rekke produkt i alle avdelingar, som verkeleg skapar sommarvibbar. Grillsortimentet er heilt klart i denne kategorien – grill og sommar høyrer saman! 

Vi har alt du treng til grillfesten, av kjøtt, grønsaker, marinadar, brød, salatar, sausar og tilbehør. Fyll opp vogna, fyr opp grillen og nyt sommaren.

 

 

Sunt og godt

Vår lekre salat- og fruktbar er byens største, og her finn du garantert noko som freistar! Her blandar du dei eigen favorittsalat av ingrediensane du likar best. Ta han med heim, eller nyt han på ein benk med sommarleg bris i ansiktet. Herleg sommarmat.

 

 

Mat i farta

Vi har mange gode rettar å by på i vårt varmeskap. Desse er perfekte på dagar du har dårleg tid – eller når du berre har lyst til å slappe av i sola i staden for å lage mat!

 

I butikkbakeriet vårt steiker vi mange deilige bakverk heile dagen gjennom. Har du prøvd den saftige klassikaren solskinsbolle? Den tryllar fram smilet – akkurat som sola!

 

 

 

TIPS FRÅ KRISTIAN

Vi er opptatt av du skal vere fornøgd. Derfor har vi alltid eit breitt utval av både tørrvarer og ferskvarer i butikken, slik at det finst noko for ein kvar smak her hos oss.

 

Om det er noko du ikkje finn, så spør oss gjerne – vi prøvar alltid å skaffe det du treng.

 

 

Dette er ein nettilpassa artikkel frå AMFI Førdes sommarmagasin 2019. Klikk her for å sjå artikkelen i sommarmagasinet, og klikk her for å lese heile magasinet. Dei omtalte verksemdene i sommarmagasinet har betalt for redaksjonell annonsering.

FOTO: VIDAR HELLE OG PRODUSENTANE. PRODUKSJON: AMFI KREATIV AS.

Sist endra - 11 juli 2019