Meny
 
afrikanske damer med bønner

Ekspertar verda rundt

The Body Shop dyrkar nokre av dei beste råvarene i verda. Vi har forplikta oss til å handle rettferdig med alle leverandørane våre, med gode handelsrutinar og prisar. 

 

Småskalabøndene og kooperativa vi samarbeider med, er ekspertar på sine felt, og erfaringa deira er med på å skape produkt vi er stolte av. Vi har i dag 31 Community Trade-leverandørar i 23 land. Det er heile 16.000 produsentar på laget vårt!

 

 

Ein av leverandørane våre er The Tungteiva Women’s Association i Ghana, som vi har handla sheasmør frå sidan 1994. 640 kvinner handlagar 390 tonn med Community Trade sheasmør per år. Dei brukar ein 18-stegs prosess, som har vore vidareført frå mor til dotter i generasjonar. Gjennom partnerskapet med The Body Shop, har desse kvinnene klart å gjere heile samfunnet sitt sjølvstendig.

 

Sunnare hud på 15 minutt

Sheetmasks er noko av det viktigaste i beauty-verda akkurat no, og endeleg har vi i The Body Shop lansert våre eigne maskeark! Dei finst i fleire av våre bestseljande hudpleieseriar, og dei er laga av det 100 % nedbrytbare materialet Veocel™.

 

Maskene er fulle av næringsrike serum, er superenkle å bruke, og gir deg full effekt på berre 15 minutt. Kort sagt: Dette er ein liten helt av eit produkt, som du kjem til å elske!

 

 

Rik fukt - utan kliss

Dusja? Check. Dårleg tid? Dobbelcheck. Tid til å smøre deg? Null sjans! Livet er som kjent for kort til å vente på krem som tørkar.

 

For 25 år sidan revolusjonerte The Body Shop kropps- krem med klassiske Body Butter, og no gjer vi det igjen! Body Yogurt er det nye produktet du ikkje kan leve utan: Ein forfriskande gelékrem med ein unik formel, som trekkjer inn i huda på få sekund, og held ho godt fukta i opptil 48 timar. Med Body Yogurt kan du hoppe i kleda berre 15 sekund etter påføring, så no har du alltid tid til å smøre deg – check!

 

Body Yogurt er vinnar av kategorien bodylotion i ELLE Beauty Awards.

 

 

 

TIPS FRÅ SUNNIVA

Body Yogurt er perfekt til varme sommardagar. Du unngår den klissete finishen mange kremar gir, og får frisk og mjuk hud. For ein kjølande, oppfriskande og behageleg effekt i sommar, sett kremen i kjøleskapet før påføring!

 

 

Dette er ein nettilpassa artikkel frå AMFI Førdes sommarmagasin 2019. Klikk her for å sjå artikkelen i sommarmagasinet, og klikk her for å lese heile magasinet. Dei omtalte verksemdene i sommarmagasinet har betalt for redaksjonell annonsering.

FOTO: VIDAR HELLE OG PRODUSENTANE. PRODUKSJON: AMFI KREATIV AS.

Sist endra - 11 juli 2019