Meny
 

Kven skal vinne Amfelia og Oskar-prisen?

amfelia og oskar deler ut sin egen pris

Amfelia og Oskar-prisen blir delt ut på AMFI Førde under Barnedagar 20.-22. juni, og du kan vere med på å bestemme kven som vinn kr 5.000!

 

  • Miljøbilder_700x600px-14.jpg
  • Miljøbilder_700x600px-13.jpg

Eit hjarte i lokalsamfunnet

Som eit «hjarte i lokalsamfunnet» skal Amfi-senteret vere ein god støttespelar for lokalsamfunnet. Med Amfelia og Oskar-prisen ønskjer vi i Amfi å støtte dei som skapar gode opplevingar for barn og unge i vårt lokalmiljø.

 

Pengar til ein lokal klubb

Amfelia og Oskar er maskotane våre, som deler undring, begeistring og glede med barna som besøker oss. Derfor er det naturleg at Amfelia og Oskar-prisen er kalla opp etter dei.

 

Konkurransereglar

For å kunne vinne Amfelia og Oskar-prisen må laget/foreininga/klubben drive frivillig arbeid retta mot barn og unge. Dei nominerte kan vere t.d. idrettslag, korps eller barnekor.

 

Du kan nominere lokale organisasjonar på facebooksida vår. Ein lokal jury vel fem "finalistar" blant dei nominerte.

 

Deretter blir det opp til DEG å stemme fram vinnaren! Du kan stemme på to måtar:

 

1. Via senterets facebookside.

2. Via stemmesetel, som du finn på stand i senteret.

 

Du kan stemme fram til fredag 21. juni kl. 12.00.

 

Prisutdeling

Prisen blir delt ut i samband med Barnedagar, laurdag 22. juni. Vi håpar du vil delta på utdelinga i senteret!

 

Din stemme tel

Du er med og bestemmer kven som vinn! Stem på din favoritt via Facebook, eller lever inn ein stemmesetel, som du finn på senteret.