Om senteret
AMFI Voss befinn seg i dei gamle lokala til Hordaland Mekaniske Verkstad på Haugamoen, v/ F559. Butikkar, kafe og HC-toalett finn du i ei høgd, på gatenivå.
Hittegods
Har du mista eller gløymt att noko inne i fellesareala på senteret eller ute på parkeringsplassen?
Ta kontakt med senterkontoret på tlf. 95 30 55 03 (dagtid) eller 90 97 25 15 (kveld/helg).
Minibank
Vert igjen å finna på senteret, om litt. Den vil plasserast ved Meny, attmed inngangen midt på butikken. Me oppdaterer så snart minibanken er på plass.
Parkering
Med over 300 parkeringsplassar er det som oftast god plass. Du får gratis parkering i 2 timar på vår parkeringsplass. Me har innført kameraavlesing på heile parkeringsplassen, så no treng du ikkje trekkja lappe lengre. Last ned Parklink- eller Easyparkappen for digital løysing. Med appen kan du enkelt utvida parkeringstida di når du treng det.. Har du lagt inn betalingskort i appen treng du ikkje gjera nokon ting sjølv om du står lengre enn 2 timar, då vert parkeringsavgifta trekt direkte.
Les meir om parkering med ParkLink her
Toalett
Toalett for dame og herre er å finna opp trappa mellom C-optikk og Mester Grønn, ved inngang aust (v/Meny).
HC-toalett finn du til venstre for Sunkost, ca. midt i senteret.
Stellerom
Stellerom/ammerom m/toalett og micro-omn finn du inn korridoren attmed HC-toalettet. Hald til høgre i korridoren. Me har no avgrensa tilgangen til stellerommet med ein kodelås. Koden får du ved å venda deg til dei som jobbar på Cubus eller på Sunkost. Me vil syta for at småborna med følgje er dei som har prioritert tilgang til stellerommet.
Hund på senteret
Førar- og servicehundar er hjarteleg velkomne inn saman med sin eigar, medan det for andre ikkje er lov å ta med hunden inn. Dette gjeld i fellesareal og alle butikkar utanom Dyrebutikken.
Dyrebutikken pao Voss ligg lett tilgjengeleg like ved hovudinngangen. Det finst òg eit Lildog hundehotell på utsida ved butikken, temperert både sommar og vinter. Hundehotellet er appstyrt og kan brukast heile året.
Les meir her; Info o Lildog hundehotel
Postkasse
Posten si raude postkasse er plassert like ved Normal sin inngang.
Røyking
Røyking er forbode på heile senteret.
Leiga lokale på senteret
Ynskjer du å starte butikk eller spisestad på AMFI Voss kan du kontakta eigedomsansvarleg Solveig Oksholm Hunhammer for ein uforpliktande samtale.
90757013/ solveig.hunhammer@olavthon.no
Kontaktinformasjon
Senterleiar Anne Marie Opheim
953 05 503 / Anne.Opheim@olavthon.no
Driftsleiar Atle Vik Didriksen
909 72 515 / vaktmester@amfivoss.no