Haustmote – 5 stilsikre trendar for kvinner

Dame med grønn skinn jakke med mur som bakgrunn
kvinne og mann som ler ute i regnet
Eit godt tips å legga litt pengar på éin ting, som kan bli med deg fleire sesongar. Ein kvit ullkåpe er eit godt val.

Haustens trendar byr på ein herleg miks av boblejakker, vide herrebukser, strikkavest, fargerikt skinn og spisse skuldrer. Lat deg inspirere!

Sjølv om sumaren sakte, men sikkert går over i ei kaldare og våtare årstid, er det mykje å sjå fram til. Ei av gledene er haustmoten. I år kan du velje og vrake blant boblejakker i alle variantar, grafiske mønster, knallfargar og fargerikt skinn. For å nemne noko.

– Når det gjeld haustens trendplagg er eit godt tips å leggja litt pengar på ein ting, som kan bli med deg fleire sesongar. Då kan du mikse og matche med anna budsjettkjøp, og lata det eine elementet heva eit kvart antrekk, fortel stylist Lene Johansen.

– Det kan til dømes vera ei kåpe, ei boblejakke, dress eller eit par freshe vintersko.

Dame med blå balaklava som smiler
Balaklava, kombinasjonen av skjerf og lua, har gjort sitt inntog i vinter og blir med oss inn i hausten. Gå for ein strikka variant i ein fresh farge.

Hausten er òg sesongen for detaljar, og balaklava, kombinasjonen av skjerf og lue, er den største trenden i år. Han gjorde sitt inntog i vinter, og vert med oss vidare inn i hausten.

– Eg ville gått for ein strikka balaklava, og styla han med ei lang kvit ullkåpe og eit par chunky boots, seier Johansen.

Her guidar vi deg gjennom nokre av haustens trendar og gjev deg dei beste stylingtipsa våre.

kvinne som krysser veien med paraply
Dame med rutete kjole og boblevest
Hausten kan vera både kald og våt, og då er ein god og lang boblekåpe perfekt. Styla med jeans, boots og ei stor skinnveske for ein kul kvardagsstil. // Ein trendy og varm boblevest er perfekt å slenga over antrekket når det framleis er for varmt for boblejakka.

1. Lat det boble

Denne hausten vert det enkelt å halda varmen, for no er det boblejakker i alle moglege variantar som gjeld. Vi snakkar «oversiza» variantar, lange kåper, korte jakker, knallfarga eller einsfarga. Det boblar rett og slett over av moglegheiter i haust.

STYLINGTIPS

Ei kul boblejakke kan heva eit kvart antrekk. Går du for ei lang kåpe, passar ho like bra til eit par kule jeans som over lange kjolar. Ved å style boblejakka eller boblekåpa med eit belte i midja, framhevar du midja og får ein meir chic stil.

Dame med lang grønn skinnjakke
Skin er in, og denne sesongen skal det vera fargar.
Dame med blått skinn skjørt og grå genser
Kombiner gjerne eit skjørt i fargerikt skinn med ein tona ned ullgenser i nøytral farge.

2. Fargerikt skinn

Vi vert aldri lei skinn, og denne sesongen ser vi meir av farga skinn, og gjerne i knallfargar. Både gult, oransje, raudtonar, eplegrønt og limegrønt er trendye fargar i haust.

Det er veldig kult med eit heilt sett i farga skinn. Tykkjer du det vert litt i overkant, kan du gå for eit plagg eller detaljar til eit elles dusare antrekk.

STYLINGTIPS

Kombiner gjerne eit skjørt i fargerikt skinn med ein ullgenser i ein nøytral farge. Du kan òg gå for ein jakke i farga skinn saman med eit par kule jeans og chunky boots – ein trend som også er med oss denne hausten.

Dame med svart kjole og med rust vegg i bakgrunn
kvinne med langt, rødt hår og hvit vest som sitter i vinduskarm
Vi har hatt fokus på skuldrer i fleire sesongar, og denne hausten har dei vorte både breiare og spissare. // Plagg med markerte skuldrer gir antrekket det vesle ekstra.

3. Spisse skuldrer

Vi har hatt fokus på skuldrer i fleire sesongar, og denne hausten har dei vorte både breiare og spissare. Herredressen har meir markerte skuldrar og ei vidare passform. Skjorter og kjolar har også breiare skuldrer, og gjerne ei spissare avslutning. Spisse skuldrer set prikken over i-en på eit kvart antrekk, og gjev ein kul og edgy look.

STYLINGTIPS

Gå for ein herredress kombinert med ei enkel T-skjorte inni. Tona ned og formelt på same tid! Det er også superfint å kombinere ein collegegenser med spisse skuldrer til anten ei herredressbukse eller eit par jeans.

Dame med metalljakke
Dame med sølv glitter skjørt, svarte boots og hvit genser
Denne sesongen er det sølvfargen som skal få deg til å skinna både til kvardags og fest. // Eit lekkert skjørt i sølv kan fint brukast til kvardags i kombinasjon med ein enkel, kvit genser.
Mann i dress og dame i sølv kjole på fest
Har du lyst å skinna litt ekstra på dei festlege høva i haust, er ein metallisk sølvkjole perfekt.

4. Sølvrev

Sølv osar kjøleg eleganse, fest og disko. Denne sesongen er det sølv som skal få deg til å skine både til kvardags og fest. Går du til dømes for ein sølvfarga overdel, kan det vera lurt å halde resten av antrekket «nedpå», som svarte jeans og minimalistiske detaljar.

Anten du går for ein lekker kjole, eit par sølvfarga sko, eller held deg til ei kul veske – no er det fram med sølvet!

STYLINGTIPS

Endeleg har vi høve å sjå fram til kor vi kan pynta oss skikkeleg att! Våg å pynta deg litt ekstra, og køyr på med ein sølvkjole. Sølvstøvlettar er og ein sikker vinnar. For å skine litt ekstra i kvardagen kan du gå for sølvfarga naglelakk, eller pøse på med sølv-smykke, -armband og -ringar. More is more!

kvinne som sitter i vinduskarm

5. Fest med vest

Vi har allereie trykt til oss strikkavesten, og han forsvinn heldigvis ikkje. Denne sesongen utvidar vi repertoaret, og du vil sjå lange, korte, vatterte, fargerike, mønstra og med open front. Boblevesten vert også med oss i haust, og er perfekt å slenge over ein strikkagenser.

STYLINGTIPS

Sleng strikkavesten over ei kvit skjorte for ein klassisk look. Er du svak for 90-tallsstilen, kan du kombinere han med ei t-skjorte. Ein «oversized» variant av vesten passar og perfekt over ein mjuk kjole. Litt varmare, men enda kulare! Kombinerer du ein blazervest med dressbukser, får du eit stilfullt og klassisk antrekk.