Disse interiørfargene vil vi ha i høst

Soverom med oransje vegg, hvitt sengeteppe og oransje puter.
Gå for oransje på veggen denne hausten.
Soverom med hvite vegger og rosa tak, en seng med blomstrete dynetrekk.
Fargen i taket treng ikkje nødvendigvis å vere den same som på veggane!

Energi-rik, naturleg eller ein roleg base? Her er fargane som dominerer i heimane våre denne hausten.

Fargar i heimen er noko du må forhalde deg til, anten du likar kraftfulle fargar som osar energi og glede, eller ein rolegare base du kan slappe heilt av i.

– Vi ønskjer å skilje oss ut og vere unike, og mange tør å vere vågale i fargebruken. Personleg likar eg eit roleg og harmonisk heim med organiske former, men skulle det endre seg er eg ikkje redd for å ta målingskosten fatt, seier farge- og interiørekspert Vibeke Illevold Nordsveen, som står bak instagramkontoen @enkontrast.

No er vi opptekne av fargeval som varer, og som vi kan nyte år etter år utan å bli lei. Både av berekraftige omsyn, men også for å understreke kven vi er og kva vi vil at heimen vår skal vere.

Fargekart til hausten

Kvart år vert det lansert nye fargekart med eit vel av fargar å velje mellom. Denne hausten skal fargepalettane inspirere til å skape kreative stemningar heime.

Fargerike har valgt ein djup blåfarge som årets farge. «Oseandrøm FR2304» hentar inspirasjon frå havet, og minner oss om solrike dagar med bølgesus i øyregangane.

Nordsjös sin farge i år er «Wild Wonder»; ein positiv, glødande farge som minner om gyldne kornåkrer, medan Pantone har valgt den mektige og styrkande fargen «Viva Magenta 18-1750» som sin farge i år.

Fargekartet til Jotun Lady i år har fått namnet «Stories», og består av 21 tidlause fargar. Dei er designa for å inspirere oss til å fargesette heimane våre etter personlegdom og kva stemning vi ynskja.

– Du kan gå for å male heile rommet, eller berre ein kontrastvegg. Har du lyst på ein frisk farge, men ikkje heilt tør å ta den heilt ut, kan du male den eine veggen. Det vil gi same effekt, forklarer Vibeke.

Det er ikkje berre veggane i eit rom som kan malast, også taket er ein stor flate som kan fyllast med ein herleg farge. Kva med eit himmelblått tak? Eller i ein lun, gyllen farge?

– For å få eit heilskapleg rom kan du male eit tak i same farge som veggane. Men det er også kult å male taket i ein annan farge, til dømes ein lys farge på veggane og ein litt mørkare i taket, tipsar Vibeke.

Grønn vegg med hyller med bilder og en knallrosa stol.
Dei sterke, energiske fargane er på full fart inn i heimane våre. Om du ikkje tør å male eit heilt rom, kan du male ein vegg eller setje farge på interiøret med fargerike detaljar.
Rød stuevegg med sort vegglampe, tre lenestol og sort stuebord med vase med tørkede blomster.
Viss du ikkje tør å måla eit heilt rom, kan du måla ein vegg i ein knallfarge.

Energi og punch

Klare, sterke fargar regjerer denne hausten, og det er særleg rosa og oransje som set stemninga. Det går også igjen på interiørfronten, og Vibeke trur vi vil sjå både rosa og oransje i heimane våre denne sesongen – gjerne i kombinasjon!

– Både rosa, ferskenfarga og oransje er i vinden no. Varme fargar er trendy!

Medan oransje gir energi, utstrålar rosa både mot, liv og håp. Dette er fargar som gir glede, gjer oss optimistiske og sprudlande. «Lady 2489 Bella» eer ein glødande oransje nyanse som verkeleg bringer varme inn i eit rom, medan Pantones magenta gir eit kraftigare og endå meir fargestarkt uttrykk.

Raudt er ein annan fargetrend som vi vil sjå meir og meir av denne hausten. Raudt gir energi, kraft og vekker kjensler. Kanskje kan ein vegg i ein raudleg tone vere akkurat det heimen din treng?

Om du ikkje er komfortabel med å male eit heilt rom i ein av desse trendfargane, kan du heller tilføre fargen via gjenstandar, belysning, små møblar eller tekstilar som puter, tepper og gardina. Eller rett og slett ein fargerik blomsterbukett.

Brun vegg med hylle i tre og pyntegjenstander
Lune og varme jordfargar gir ei god stemning heime.

Varme jordfargar

Lune, varme fargar høyrer hausten til, og jordfargar som mjuka gule og oransje tonar og dempa grøn setter god stemning i heimen. Vi kjem heller ikkje unna bruntonane som sjokolade, mokka og beige.

– Jotun har ein nydeleg brunfarge som heiter «11012 Rustic brown». Då eg såg den hadde eg allereie malt stova i fargen «11130 Shade», som er ein mørk, beige farge, elles hadde eg utvilsamt malt heile stova i den brunnyansen.

«Rustic brown» saman med «10430 Dempet savanne», er ein litt lysare, gylden bruntone, som Vibeke også har forelska seg i.

– Rustic Brown og Dempet Savanne er ein uslåeleg kombinasjon.

Soverom i ulike grånyanser med blått sengetøy
Blåtonar gir oss både ro, behag og energi.
Grønt kjøkken, marmorbenk og stort vindu
Grønt og blått er tidlause fargar som minner oss om naturen, og gir oss både ro, behag og energi.

Ta inn naturen

Medan dagane blir kortare og mørkret seig på, har vi behov for å ta naturen inn i heimane våre.

Naturen gir oss ro og tryggleik, og trengst for å lade batteria, koble av og hente inspirasjon. Dessutan går naturen aldri av moten – eit rom malt i naturfargane blått eller grønt vil stå like fint år etter år. Perfekt for deg som ynskjer eit interiør som varer.

Blått symboliserer himmel og hav, og gir oss luftige og tidlause rom. Blått er diskret og behageleg, samstundes gir det oss mykje energi.

– Forskarar meiner vi søv betre i eit blått rom, seier Vibeke.

Ho har falle pladask for Jotun si farge «5530 Collected Blue».

– Det er ein veldig fin base til interiørskattar og vintagetilfang, eller andre ting du vil få til å skinne. Mal ein vegg i Collected Blue og sett eit vintage teakmøbel framfor. Då vil møbelet verkeleg kome til sin fulle rett.

Grønt er også ein stor fargetrend, med mange nyansar å velje mellom. Vibeke har latt seg forføre av «8575 Natural Green», som blir skildra som ein levande, men behageleg og roleg grønton.

Grønt representerer livet, og får oss til å tenkje på helsa vår. Kanskje er det på tide å investere i ein grøn sofa eller finne fram ein grøn lampe?

Stue med grå sofa med puter i rosa og oransje
Med beige som utgangspunkt har du ein perfekt base, og kan skape eit roleg og harmonisk heim eller tilføre energi med fargerike detaljar.
Beige soverom med hvitt sengetøy og tørka blomster
Nøytrale tonar på soverommet skaper ein behageleg atmofære.

Beroligande base

Den beige trenden har vart nokre år, og held fram vidare i haust. Beige skaper ein avslappande atmosfære, og er både mjuk, mild og meditativ. Denne hausten er beigetonane meir gyldne enn tidlegare, og gir oss både håp, glede og optimisme.

Trenden er perfekt for deg som ynskjer ein nøytral base, med moglegheit for å endre interiør og stil etter årstid og behov. Ved å tilføre andre fargar på møblar og interiørgjenstandar, kan du enkelt skape eit fargerikt heim.

Kombiner gjerne beigetonar ton-i-ton, eller i kombinasjon med ein aksentfarge som raud.

– Møblar og interiør i same fargenyansar skaper eit harmonisk heim, tipsar Vibeke.

Tekst
Newslab
Foto
Getty
Produksjon
Amfi Kreativ