Haustmote – 5 stilsikre trendar for herrar

mann med dunvest, jakke og gjennomsiktig paraply

I haust er tipset å tora litt meir, og køyre på med både fargar, boblejakke og vestar i alle slags variantar.

– Menn i Norge tyr veldig ofte til den sporty moten, og held det tona ned. Eg vil oppmode til å eksperimentere litt meir, seier stylist Lene Johansen.

Sjølv om mange av oss har lagt vår elsk på den komfortable stilen siste året, er hausten tida for å tora litt meir. For mote er og skal vera gøy!

– Balaklava, strikk med geometriske mønster – gjerne litt «oversized» – er nokre av trendane vi ser i haust. Og Varsity-jakka er noko av det «hottaste» du kan gå med, seier Johansen.

Her guidar vi deg gjennom nokre av haustens trendar og gjev deg dei beste tipsa til styling.

Man med grønn boble vest
Man med strikket vest i striper
Dunvest er stilfullt, trendy og varmt på same tid! // Strikkevest, gjerne med striper, er ei stor hit i haust.
mann som søker ly og slår sammen paraply
Hausten kan by på varierande temperaturar. Kle deg lag på lag ved å ha ein boblevest under frakken. Slik held du enkelt varmen

1. Vest er best

Vesten vert med oss vidare inn i hausten, men no i fleire variantar enn vi såg i vår. Trenden byr på klassiske dunvestar, og strikkavestar i alle slags fargar og mønster, som stripa og kabelstrikka – ein stor trend i haust. Strikkavesten held deg både varm og stilfull, og passar like fint over skjorte og slips som over ei langerma trøye eller t-skjorte.

STYLINGTIPS

Den svært anvendelege dunvesten fungerer fint som yttertøy åleine, eller du kan køyre lag på lag-stilen med skjorte, vest og frakk utanpå. Stilfullt, trendy og varmt på same tid!

Man med rød genser
Sprit opp ein elles grå høstdag og byt ut den svarte hoodien med ein raud variant.
Man med rød jakke
Eit raudt plagg er tøft til eit elles tona ned antrekk.

2. Raud fargefest

Kvifor ikkje la dei svarte, grå og marineblå plagga få ein liten pause, og prøv deg litt fram med fargar? Skal du gå for ein farge i haust, så er det raudt. Sprit opp ein elles grå haustdag og byt ut den svarte hettegenseren med ein raud variant. Eller kva med ein blazer eller kabelstrikka genser i raudt?

Hugs at raudt kan verte litt «hardt» i kombinasjon med svart, så vurder å kombiner eit raudt plagg med mørkegrått eller mørkeblått i staden.

STYLINGTIPS

Går du for eit raudt plagg, anten det er ein strikkagenser, pologenser eller jakke, kan det vera fint å halde resten av antrekket meir tona ned. Dersom du tykkjer det vert for mykje med eit plagg i raudt, kan raude detaljar på for eksempel joggesko eller plagg med litt raudt på vera ein fin måte å bruke trenden på.

mann som lener seg på murvegg utendørs
Sett farge på hausten. Kvifor ikkje byta ut den klassiske svarte boblejakka med ein freshere variant i haust?

3. Boblande haust

Boblejakka er eit must for herrar i haust, og passar perfekt til dei kaldare dagane. Anten du går for den klassiske svarte, eller ein meir fargesterk boblejakke, skapar han eit sporty og kult antrekk. Trenden byr på både korte og lange variantar i raudt, blått og svart. Investerer du i ein lang variant, kan han fort verte ein varm favoritt gjennom vinteren også.

STYLINGSTIPS

Boblejakka kan kombinerast med det meste, og er perfekt å slenga over ein hettegenser eller strikkagenser når temperaturen søkk ytterlegare. Style han med eit par jeans, joggesko eller eit par boots med grov sole.

Man med blå trenchcoat
Trenchcoaten etter prikken over i-en på kvart antrekk.
Mann med som holder en rutete jakke åpen
Ruter er hot, både på bukser og frakkar.

4. Den moderne klassikaren

Trenchcoaten er ein moderne klassikar som aldri går av moten, og er sjølvsagt med i haust. Plagget vart designa av det engelske motehuset Burberry i 1901, før ein modifisert versjon vart teken i bruk av britiske arméoffiserar i skyttargravene under første verdskrig. Sidan da har plagget heldt seg aktuelt, og i haust dukkar han opp både i klassisk beige, svart, ruta og i dei meir fargerike variantane.

STYLINGTIPS

Ein trenchcoat kan enkelt kombinerast med det du har i kleskåpet frå før, og passar perfekt til både loungewear og dress. Trenchcoaten set prikken over i-en på eit kvart antrekk.

Man med grønn varsity jakke
Den sporty, kule Varsity-jakken følgjer med oss utover hausten.

5. Sporty med Varsity-jakka

Den sporty, kule varsity-jakka har vi sett mykje av tidlegare i år, og følgjer med oss utover hausten også. Jakka er typisk knytt til amerikansk skule- og universitetssport, og vert støtt kalla letterman-jakke. Jakka er meir sporty enn ei bomberjakke, men meir sofistikert enn den klassiske treningsjakka.

STYLINGTIPS

Varsity-jakka set eit sporty preg på antrekket. Kombiner med ei kvit t-skjorte, jeans og joggesko for ein klassisk stil, eller over ein tynn ullgenser på dei kaldare dagane. Jakka passar og perfekt over joggedressen. Kvifor ikkje gå for ein raud variant – haustens store farge?

Tekst
NEWSLAB
Foto
Henrik Lindal og Anna Johansen
Produksjon
AMFI KREATIV