Ombygging på AMFI Ulsteinvik!

Oversiktsbilde over AMFI Ulsteinvik

AMFI Ulsteinvik startar ombygging av fyrste etasje – blir eit fantastisk løft for senteret!

Ei stor oppgradering av AMFI Ulsteinvik vil mellom anna gje plass til ein stor Normal-butikk, nye fellesareal, og ein større kafé. Senterleiaren forsikrar at senteret kjem til å halde ope under ombyggingsperioden.

- Ei so pass stor ombygging vil nok ta nokre månader, men vi er heilt sikre på at dette blir eit fantastisk løft for senteret, og som igjen vil gje auka trivsel for kundane våre, seier Helene Holstad, senterleiar ved AMFI Ulsteinvik. Senterleiaren fortset: - Vi har fleire planar for vidareutvikling av senteret, men kan førebels ikkje røpe noko av det andre som skal skje. No gler vi oss over å endeleg kome i gang, seier Helene Holstad.

Held ope under ombygginga

Onsdag 8. november hadde senterleiaren informasjonsmøte for leigetakarane på AMFI-senteret. Kjøpesenteret vil halde ope under heile ombygginga, men enkelte butikkar må nok flyttast litt på under prosessen. Holstad oppmodar kundane om å sjekke sosiale media for å få siste nytt om framdrifta på prosjektet, og om kva dato Normal skal opne.

Ulstein Bowling har stengt dørene og er i ferd med å flytte ut av lokala sine. I desember vil rivearbeidet starte i dette arealet. Kundane vil nok ikkje merke så mykje til denne rivinga, men frå januar av startar vi ombygginga for fullt. Då skal bowlingarealet integrerast inn i resten av senteret, og det blir ei omfattande ombygging der butikkane i denne delen skal oppgraderast i tillegg til å gje plass til Normal på 468 m2. Her blir det nye butikkfasadar og nytt fellesareal med nye golv, nye veggar og ny belysning.

Entreprenør for ombygginga er Peab K. Nordang og prosjektleiar er Ketil Skrettingland frå Olav Thon Gruppen. Olav Thon Gruppen tok over eigarskapen av senteret i januar i år, og ombygginga er ein del av ei satsing som er planlagt for senteret.