Idear til heimelaga påskedekorasjonar

Karse plantet i eggeskall med ansikt på
Egg med karse og tegnet på ansikt

Bli inspirert blant desse morosame måtane å bruke egg til å lage påskedekorasjonar på - som å så grønt hår, eller å lage ein heimelaga påskehare.

Påsketradisjon går hand i hand med påskedekorasjonar. Tradisjonane vi nyttar til påske kan sporast fleire hundre år tilbake i tid, og historiene har ført til at nordmenn, i følgje MatPrat, et rundt 23 millionar egg i løpet av påskedagane.

Egg var ein gong i tida eit kjend symbol på fruktbarheit. Det seiast òg at påska var ei markering for «egga», då hønene ikkje produserte egg i den mørke årstida. Rundt påsketider blir dagane lengre og ljosare. Dette gjorde hønene verpesjuke, og dei byrja å leggje egg att.

Denne hendinga vart feira med ein «eggfest». Uansett historisk opphav er sanninga at egg er sterkt knytt til måtar vi feirar påske på i nyare tid. Det er difor egg-stra artig å finne morosame måtar ein kan bruke egga på.

Så grønt hår

Noko av det finaste med påska er at ein har tid til å gjere ting saman. Vi foreslår at dykk kan så karse som ein perfekt påskeaktivitet og familietradisjon. Frå den fyrste dagen i påska kan dykk spent følgje med og sjå at spirene gror for kvar dag som går.

Dersom frøa blir sådd den fyrste dagen av ferien, er dei mest truleg spiseklare påskemorgon. Det er overraskande enkelt; det einaste du treng er egg, karse, jord eller bomull, vatn og ein tusj.

Slik gjer du

  1. Finn fram antal egg du ønskjer å så karsen i. Er dykk fleire, kan dykk for eksempel lage eitt eller to kvar.
  2. Gje egget eit kontrollert hakk. Du skal fjerne toppen av «eggehovudet», men pass på så du ikkje hakkar av for mykje.
  3. Tøm innhaldet frå egget i ein bolle, og set dette til side, slik at du for eksempel kan lage deilige påskebollar.
  4. Skyll og vask eggeskalet slik at det ikkje er nokon matrestar att.
  5. Tørk skalet, og dekorer hovudet med auge, munn og nase.
  6. Vel mellom å bruke jord eller bomull som «åker» og fyll dette i eggehovudet. Hell vatn over før du strør på frøa.
  7. No byrjar venteleiken. Det vil nok ta ei veke før karsen er klar for å toppe brødskiva, men du vil sjå dei fyrste spirene etter berre nokre dagar. I mellomtida kan dykk for eksempel finne på namn til egga. Hugs at eggehovudet treng påfyll av vatn kvar dag.

Bonustips: Bruk eggekartongen som hus. Gjer det ekstra koseleg med å pynte kartongen.

Trekanin malt i grønt med gult egg limt på bak
Påskeegg farget i rosa, gult, grønt og blått brukt som dekorasjon
Påskedekorasjon i stua

Heimelaga påskehare

Finn fram kunnskapane frå sløydtimen, og lag din eigen påskehare. For å lage denne søte tre-haren må ein ha noko arbeidsutstyrønsk, og ein garasje eller eit passande arbeidsrom til rådigheit.

Du treng

  • 15-20 cm lang, ca. 10 cm brei treplanke
  • Blyant
  • Stikksag
  • Sandpapir
  • Lim
  • Bomullsdott
  • Egg
  • Måleutstyr

Slik gjer du

  1. Finn fram ein trebit som er litt større enn ønskt storleik på påskeharen. Dersom du har mykje treverk å velje i, kan du for eksempel velje forskjellige storleikar og lage ein heil familie. Kva med å lage ein gjeng som liknar på din familie, eller dine venar?
  2. Teikn omrisset av påskeharen på trebiten med ein gråblyant. Når du er nøgd med utforminga, festar du treplanken i ei skrustikke eller til eit arbeidsbord med ei tvinge.
  3. Ta fram stikksaga og sag langsmed streken du har teikna.
  4. Når påskeharen er ferdig skoren ut, pussar du kantane med sandpapir slik at dei blir fri for fliser. Dette er ofte den mest keisame jobben, men hugs at dette er minst like viktig som alle dei andre stega.
  5. No kjem den kjekkaste delen, kor vi flyttar oss frå snikkarbua til kjøkenbordet. Finn fram måleutstyr, ein bit med bomull og eitt egg per kanin. Legg ei gammal avis som underlag på bordet, så treng du ikkje vere redd for å søle. Start med å måle påskeharen i ønska farger. Mål gjerne egget samstundes, dersom du ikkje allereie har gjort det. Målar du på båe sidene av haren, passar den perfekt som pynt i vindauget.
  6. Når haren og egget har tørka ferdig, limar du på halen (bomullsdotten) og påskeegget (egget som er måla).
  7. Voilà – så har du ein heimesnekra påskehare som du kan bruke som pynt eller gje bort til nokon som fortener ei ekstra merksemd i påska.

Dekor inspirert av naturen

Påska vert markert samstundes som våren kjem for fullt og blomane og naturen vaknar til liv att. Det er difor fint å bringe litt av naturen inn i stua. Vi likar godt å dekorere med greiner, kvistar, eller kanskje nokre gåsungar. For ekstra påskestemning heng vi på påskeegg eller annan påskepynt.

Visste du forresten at du kan bruke matvarer og naturprodukt til å farge egga du skal bruke som påskepynt? Raudkål fargar egga blå, blåbær fargar dei lilla, og skalet frå ein gul lauk fargar egga gule.

Slik gjer du

  1. Kok opp vatn og ønska råvare i ei gryte. Lat det koke heilt til du har oppnådd ønska farge på vatnet - og litt til.
  2. Lat vatnet avkjølast før du legg i egga. Desto lengre du let dei liggje, jo sterkare blir farga. Det kan difor vere lurt å la dei liggje over natta, dersom du ønskjer sterke farger.

TIPS

Dersom du skal servere dei farga egga til frukosten som hardkokte egg, bør du koke dei på førehand - slik at farga ikkje falmar når dei kokast.