Årets frisyrer for julens selskaper

dame med paljettkjole og holder seg på håret
Vi har tipsa til frisyren til selskapa til jula!
Dame med mange klammer i håret
Gå for spenner i håret for å få ein ekslusiv look til juleselskapet!
Dame med fin klemme i håret
Pynt hestehalen med perler!

Du trudde kanskje ikkje at hårspenna og hestehalen kunne redde jula, men i år kan dei det! Hårstylisten røper korleis.

Her er dei tre mest trendy frisyrane i julesesongen!

Det er ikkje berre huset og julekakene som blir pynta og blir danderte til jul – håret skal også helst ta seg godt ut når selskapa i sesongen går av stabelen.

Vi har snakka med hårstylist Jeanette Gjerde Olsen og fått tips til tre trendy frisyrar som du enkelt kan laga sjølv, og fått nokre ekstra tips du kan følgja når du er på farta!

Julas største hårtrend: Eksklusivt tilbehøyr

I julesesongen i år skal håret gjerne sjå litt eksklusivt ut, fortel Jeanette, som har merka seg at det skin i blanke spennar og glitrande hårbøylar for tida.

– I år ser vi mykje tilbehøyr som hårbøylar, steinar, brosjer og sløyfer. Vi ser også mykje svarte detaljar med steinar og fløyel.

Hestehalen er ein sikker vinnar på farta, og det skal ikkje så mykje til for å få han til å glitra om kapp med julestjerna.

– Bruk gjerne fløyelssløyfer i svart, strassband eit godt stykke ned på hestehalen eller tvist eige hår rundt halen for ein ekstra finisj. Om du ønskjer noko ekstra kan du også bruka glitter-gel i håret.

Så no er det berre å samla saman det du finn av glitter, spenner, strass og stas – her er tre frisyrar som får juleribba til å snu seg i omnen og rakettane til å nå nya høgder på nyttårsaftan!

Dame med krøllete hår og sjøstjerner i håret
Pynt krøllene med en brosje
Dame med krøller og en perleklemme i håret
Sett håret i sideskill og pynt med hårspenne så er du festklar.

1. Voluminøst med brosje

– Denne jula ville eg gått for ein voluminøs «look» med mjuke bølgjer og sideskill med hårspenner eller ei brosje, fortel Jeanette.

Ja, du las rett, brosja – som tidlegare var reservert for jakkeslaget – er no å sjå i sveisen. Saman med hårspenna utgjer den sesongens viktigaste håraccessoar, og vil gjera denne voluminøse looken fullkomen!

Slik lagar du frisyren:

– For ein voluminøs look ville eg starta med å vaska håret godt. Bruk eit skum og ein varmevernande spray eller krem for å få glans og volum til håret.

For ekstra løft kan du bruka ein rootlifter i handkletørt hår, fortel Jeanette, før du føner håret opp-ned for ekstra volum.

– Før du lèt håret bli heilt tørt kan du bruka ein mellomstor rundbørste eller hårruller. Viss du bruker krølltong må du venta til håret er heilt tørt.

Krøll håret i fleire delar og set delane opp med hårspenne. Når håret er tørt og avkjølt kan du ta ut spennene og greia gjennom det med naturbørste.

– Avslutt gjerne med litt tørrsjampo eller teksturspray i botnen, og ein lett stylingskrem, olje eller shinespray i lengdene, før du set håret i ein sideskill og pyntar med hårspenner eller ein hårbrosje.

Tips!

Eit problem dei fleste har om vinteren er at frisyren blir øydelagd under lue og skjerf. Jeanettes beste tips for å unngå dette, er den gode gamle tørrsjampoen.

– Lue og skjerf skaper ekstra varme i hovudbotnen som igjen gjer at håret fort kollapsar. Trikset er å ha ein liten tørrsjampo i veska, og snu hovudet opp-ned og spraya litt i hovudbotnen innimellom.

Tips!

Om vinteren, når det er kaldt ute og varmt inne, og mykje elektrisk oppvarming rundt omkring, bør du gi håret litt ekstra pleie, tipsar hårstylisten.

– Innfør ein god rutine når det gjeld pleieprodukt. Bruk sjampo, balsam og kur for din hårtype. Dette vil behalda fukta og kvaliteten på håret gjennom ein vinter med tørr luft og minusgrader.

Dame med wet hårlook
"Wetlooken" er ikkje berre for sommaren, han passar også til julesesongen!
Dame med wet hårlook
Går du for "wetlooken" slippar ein litt unna om håret er tungt og ikkje nyvaska.

2. Vinterfin wetlook

Viss du trudde at «wetlooken» var reservert for sommarsesongen, må du tru om igjen!

Ifølgje Jeanette må du nemleg gjerne ta med deg «wetlooken» inn i jula, der ho vil stå i fin kontrast til juleantrekket.

Slik lagar du frisyren:

– Start med fuktig eller vått hår og føn det i den retninga du ønskjer å ha det. For å få meir struktur, kan du ta litt skum eller saltvasspray i håret før du føner det.

Avslutt med gelé eller voks og bruk fingrane til å fordela.

– Hugs å ta på gelé i fleire lag slik at håret sit godt inntil hovudet, seier Jeanette.

Hårtuppene kan du gjerne la vere utan gelé, det viktigaste er at håret rundt hovudet held seg bakover.

– Viss du har krøllar eller fall, så kan det vere fint å behalde dette, men bruk ein del olja for ekstra shine, anbefalar stylisten.

Tips!

Hårstylisten har fleire gode råd viss det går slag-i-slag i jula.

– Det beste tipset når ein er på farta og ikkje rekk å vaska håret, er å anten preppa håret kvelden før eller gå for ein stram «wetlook» eller hestehale. Då slepp ein litt unna om håret er tungt og ikkje nyvaska.

Dame med fast hestehale
Lyst å gå for ein sofistikert frisyre i julesesongen? Da anbefaler vi showpony.
Dame med stor sløyfe i håret
Pynt hestehalen med ei sløyfe så er du klar til festen.

3. Showpony

Det er lenge sidan hestehale var hestehale. Frisyren stylisten kallar «show pony», inneber ein låg, men stram hestehale, med ein sofistikert og eksklusiv finish.

– Når det gjeld denne «looken» kan du sjå for deg ein hest som skal gå dressur eller som er styla til eit show, seier Jeanette med eit smil.

Slik lagar du frisyren:

– Byrje med å føna håret i den retninga du ønskjer å ha det. Eventuelt kan du retta det ut, viss du vil ha eit blankt, sunt uttrykk.

Del håret i ein midtskill, sideskill eller greia det rett bakover, før du festar det med ein hårstrikk.

– Du kan også fletta det eller tvista eige hår rundt halen, seier Jeanette.

Avslutt gjerne med eit glitterband i hestehalen, eller med eitt eller fleire fløyelsband i sort, så er du klar for festen!

Tips!

Når det gjeld hårprodukter i jula, er det viktig med ekstra vern, rår stylisten.

– Sidan vi stylar håret oftare i juletida, må du hugsa å bruka varmevernande produkt. Hårskum, hårspray, tørrsjampo og oljer eller glansspray er fine produkt i perioden.

Tekst
Newslab
Foto
Getty
Produksjon
Amfi Kreativ