Topp tre interiørtrendar denne hausten

Stue med brun vegg og grønnplanter med en sittegruppe i et hjørne
Dame med blomsterbluse og hvit bukse
Vibeke Illevold Nordsveen, som står attom instagramkontoen @enkontrast, og er lidenskapeleg opptatt av interiør og fargar.

Personleg og unikt er stikkorda for haustens interiørtrendar. Heimane våre skal spegle kven vi er, og vera ein behageleg stad å trekkje seg tilbake.

Sesongens interiørtrendar inneheld personleg stil og «gjer det sjølv», samstundes som vi vil kunne trekkje oss tilbake og kose oss. For heimen skal vera ein god stad å vera, og denne hausten er vi opptekne av litt ekstra luksus og eleganse på heimebane.

– Vi er på jakt etter hotell- og spa-kjensla, spesielt på badet og soverommet. Gardiner frå golv til tak, vegg til vegg-teppe og seng med gavl heilt opp til taket gjev ei hotellkjensle, forklarar Vibeke Illevold Nordsveen, som står attom instagramkontoen @enkontrast, og er lidenskapeleg oppteken av interiør og fargar.

Stue med brun vegg og grønnplanter med en sittegruppe i et hjørne
Grønne oasar gir energi. Skaff deg ein pidestall eller eit lite plantehjørne.

Omgje deg med grøne planter

Vi elskar naturen, og denne hausten hentar vi naturen inn i heimane våre for å skapa grøne oasar som gjev oss masse energi.

– No er det grøne planter som gjeld, i motsetnad til tørka blomar og strå. Spesielt grøne planter med fargar i blada, seier Vibeke.

For grønt er ikkje berre grønt, men finst i nyansar av grått, rosa og gulgrønt som friskar opp interiøret. Praktspragle, begonia og peperomia er døme på slike planter.

Les også: Disse fargene vil vi ha nå.

TIPS

Kjøp eller lag deg ein elegant pidestall, slik at du får plantene dine opp i høgda. Du kan òg bruke han til å lage eit lite plantehjørne med til dømes tre forskjellige planter, ei på golvet, ei i vinduskarmen og ei på pidestallen. Ein slik måte å dandere plantene dine på gjer at rommet opplevast ryddigare og meir heilskapleg.

Hvite lysestaker med brennende lys og en grønnplante som står på en kommode
Det er vakker å kombinera ulike nyansar av lyst og mørkt treverk.

Bland lyst og mørkt tre

Vi vil ha naturlege og friske materiale heime, og knapt noko kjennes så varmt og godt som treverk. Treverk er eit materiale som passar inn overalt, anten det er eit bord, hylle, krakk, lampe eller eit skap.

Det lyse treverket har dominert i trendbiletet i det siste, men no er det dei mørkare nyansane som er på frammarsj. Valnøtt har ein fyldig og varm bruntone som passar perfekt inn saman med fargetrenden brunt og greige.

Det er også utruleg vakkert å kombinere ulike nyansar av lyst og mørkt treverk.

– Det vert aldri feil å blande ulike typar treverk. Om du har eti lyst golv, kan du velje eit mørkt bord. Det passar òg veldig godt til fargetrenden med brun og greige.

En vase med blomster og en grønn potteplante og et brennende lys på et stuebord
Sett ditt eige preg på interiøret med unikt og handlaga keramikk.
Hvite lysestaker med brennende lys
Prikkete vase med en grønn bukett og et brennende lys ved siden av
Ein heimelaga lysestake i selvtørkende leire er eit morosamt og kreativt blikkfang i interiøret. // Lag din heilt eigen glasvase med neglelakk. Kreativt og flott

Unikt med handlaga keramikk

Handlaga keramikk i alle fargar og fasongar er populært denne sesongen. Fat, tallerkenar, bollar, koppar og vasar bidreg til den personlege og unike stilen som vi ønskjer å ha i heimane våre.

Keramikk er strålande å nytta i kvardagen til servering, men det kan òg vera ein del av interiøret ditt. Kva med å gi koppen din i keramikk ein heidersplass på kjøkenet? Eller laga ei lita utstilling i vitrineskåpet? Du kan òg lage eit stilleben der fleire keramikkgjenstandar er i fokus.

Keramikk er handlaga, og når du kjøper eit keramikkprodukt vil du dermed få noko heilt spesielt som ikkje nokon andre har. Det kan du sette ditt preg på interiøret med. Om du skal kjøpa ein gjenstand denne hausten, tilrår Vibeke å kjøpa ein keramikkvase som kan stå framme både med og utan blomar.

– Eg tykkjer ein vase gjer mykje med eit rom. Ein kul keramikkvase med ei form som er litt utanom det vanlege, vert eit blikkfang.

TIPS

Ein «gjer det sjølv» som er veldig i vinden om dagen, er å nytta ein enkel glasvase, finne fram nokre naglelakkar og «måla» på dottar i forskjellige fargar over heile. Her er det berre å la kreativiteten flyte. Hald deg til tre-fire ulike fargar, gjerne fargar du har i heimen, så vil vasen passe inn i fleire rom.

Foto
Enkontrast
Produksjon
AMFI KREATIV