3 ingrediensar til ein god påskefrukost

Flatlay med påskemat
Kva med å gjere litt ekstra ut av påskefrukosten i år?
Speilegg med bacon formet som en kanin
Bord dekket med egg i pastellfarger
Egg er alltid ein sikker vinnar til påskefrukosten.
Flere pannekaker formet som en kanin bakfra
Amerikanske pannekaker er perfekt til å lage ulike figurar, for eksempel ein påskehare.
Pannekake formet som høne til frokost

Frukost er dagens viktigaste måltid. Med desse 3 ingrediensane blir påskefrukosten ein stor suksess.

Ein god frukost set standarden for resten av dagen, og i påska er det ekstra morosamt å stelle i stand ein koseleg frukost for dei du er glad i. Ikkje berre kan du fylle bordet med mykje god mat, du kan òg pynte i herlege pastellfarger og egg i alle variantar.

Påskefrukost med det lille ekstra

For at frukosten skal bli ein suksess, er det lurt å setje av god tid til å førebu frukosten, og ikkje minst til å nyte den og kvarandre sitt selskap. Set preg på atmosfæren ved å setje på roleg musikk og tenne stearinljos. Om dykk har peis, kan du fyre i den, òg. Dekorer bordet med påskepynt og legg til rette for at ein kan nyte frukosten i fleire timar. Det er kvardagsluksus på sitt beste.

Under har vi lista opp 3 ingrediensar som gjer påskefrukosten til ein suksess:

1. Egg

Det blir ikkje ein ordentleg påskefrukost utan egg. Visste du forresten at vi et dobbelt så mykje egg i påska, som vi gjer elles i året? Typisk for påska er pastellfarga egg. For å få til det, må du bruke konditorfarge i vatnet du kokar egga i. Dess meir konditorfarge du har i vatnet, dess sterkare farge vil egga få. Pass difor på at du ikkje tar for mykje konditorfarge dersom du ønskjer pastellfarga egg.

Har du små barn rundt bordet, anbefaler vi å lage speilegg forma som ein påskehare. Bruk baconstrimler som øyrer, blåbær eller anna frukt som auge, og ost som vêrhår – voilà, du har ein perfekt frukost for dei minste!

Anna ting du kan lage med egg:

  • Arme riddarar
  • Eggerøyre
  • Omelett

2. Pannekaker

Pannekaker er ein slager hos dei fleste – både små og store. Det er ikkje den vanlegaste frukostretten til kvardags, og det er difor ekstra artig å servere det i påska. Lagar du amerikanske pannekaker er det lett å vere kreativ. Desse pannekakene er ein del tjukkare enn vanlege pannekaker, og difor enklare å forme slik du ønskjer. Kva med å lage ein påskehare sett bakfrå, slik som vist på biletet? Du kan òg prøve deg på ein enkel påskekylling med frukt som pynt.

Bagels med egg og avokado
Bagel med egg og avokado. Foto: Matprat.no