Årets sminke og frisyrer for julens selskaper

Dame med røde lepper og smiler
Me har tipsa til årets sminke og frisyrar til selskapa til jula.

Finn fram hårsprayen og sminkekosten – her er ekspertanes beste hår- og sminketips for deg som vil skine litt ekstra til jul.

Kjolen er på, skoa nypussa og smykkane er på plass – men så var det den sveisen da.

Det er ikke berre, berre å få alt til å skine midt i julestria. Heldigvis finst det nokre enkle råd for deg som ønskjer å gjere deg litt ekstra flid med både håret og sminka i år.

Ifølgje makeupartist og hårstylist Jeanette Gjerde Olsen er fellesnevnaren for julas trender at det er lov å dra på litt ekstra - anten det er i form av ein fargerik eller metallisk augeskugge eller store sløyfar i håret.

- Mange likar å stelle seg litt ekstra i denne perioden, og i år skal håret gjerne vere pynta eller voluminøst og sminka poppe skikkeleg!

Gjer deg klar for julas festlegheiter - her er nokre sminke- og hårtrendar som gjeld jula 2024:

Dame med blå øyenskygge
La håret og sminka til festane til jula poppa skikkeleg i år.

Juleraude lepper

Jula er ein gyllen moglegheit til å slå til med raud leppestift, og vil du vere ekstra trendy i år, er det ifølgje Jeanette ein spesiell raudtone ein bør sjå etter.

- Vi ser fleire element frå grunge-stilen i sminketrendane for tida, med definert augesminke og plommefarga lepper. Tenk mørk raud eller djupe burgundertonar.

Det viktigaste er likevel å finne den farga som er tilpassa dine nyansar, råder stylisten.

- Nokre raudfargar kan for eksempel få tennene til å sjå kvitare ut, så eit lurt tips er å prøve ulike tonar og sjå kva dei gjer for deg.

For ein perfekt look kan du først påføre lipliner i same eller ein litt mørkare nyanse som leppestiften, anten rundt kanten eller på heile leppa, tipsar Jeanette.

- Avslutt med ein semimatt leppestift i din nyanse, og match med same farge på neglelakken!

TIPS!

Slit du med tørre vinterlepper? Ein runde med leppeskrubb, leppepomade og eventuelt primer før du legg på leppestiften, kan få farga til å sitje både finare og lengre.

Dame med slick frisyre til selskap
Juleraude lepper er ein sikkerstikker som alltid.

Mjuke bølgjer og lause luggar

Mange sverjer til krøllar og bølgjer når dei skal pynte seg litt ekstra, og det er jo ikkje så rart - det er jo både festfint og glamorøst!

For å få til den perfekte voluminøse looken har Jeanette nokre gode råd:

- Bruk volumprodukt i botn og i lengdane for ekstra løft, og føn håret opp-ned før du rullar det opp på store rullar. Let det gjerne sitt eit par timar, eller til alt er tørt, før du forsiktig grer gjennom krøllane med ei stor børste. Du kan òg føne rullane med medium varme og styrke om du har dårleg tid.

Avslutt gjerne med litt tørrsjampo eller teksturspray i botnen, og ein lett spray i lengdane for å få frisyren til å vare heile kvelden.

- Denne frisyren ser ekstra bra ut om du har ein laus, klippa lugg og mjuke layers i håret både i front og bak. Sjå for eksempel til artisten Sabrina Carpenter for inspirasjon, ho nailer denne looken!

TIPS!

For å spare tid kan du føne håret med ein rundbørste eller rulle det opp kvelden før. Du kan òg bruke teknikken «heatless curls» over natta, der du tvinn håret rundt eit tjukt hårband eller liknande.

Dame med krøller
Mjuke bølgjer er alltid glamorøst og festfint.

La auga få skine

Det kan sjå ut til at vi er ferdig med «no make up»-trenden, i alle fall no når festsesongen står for tur. Ei av julas hottaste sminketrendar er nemleg sota auge som glitrar - eller «smokey eyes».

For å skape det forførande blikket kan du byrje med å leggje ein mjuk, svart kajal i overkant av auget, og smudge den ut med ein mjuk, rund børste.

- Ønskjer du ein meir dramatisk look kan du òg leggje kajal på våtkanten, seier Jeanette.

- Deretter legg du ein metallisk augeskugge i grått eller sølv med ein litt større børste på augelokket, og gjerne litt under auget òg. Til slutt toppar du det med eit ekstra lag med maskara på vippane.

Og sjølv om det lenge har vore fokus på glowy hud, rådar stylisten deg til å gå for ein meir semimatt hudstruktur når fokuset ligg på augesminken.

- Da unngår du at alt sklir inn i kvarandre. Bruk gjerne ein transparent eller nøytral primer for ansiktet, som jevnar ut huda, fjernar uønska shine og får foundationen til å halde lengre.

Om du følar deg litt ekstra vågal på sminkefronten, kan stylisten tipsa om ein fargepalett beståande av rosa og blått, som begge har vore ein gjengangar på catwalken for hausten og vinteren.

- Du kan for eksempel leggje ein heil augeskugge med metallisk blått, eller dra inn litt farge i detaljane, som ein rosa eyeliner, seier Jeanette.

- Fullfør looken med ein matt leppestift eller lys lipgloss og eventuelt litt blush.

TIPS!

Ein god hudpleierutine kan gjere underverk for hudsminka. I tillegg er ein god primer og ein settingspray fine produkt å investere i, om du ikkje allereie har dei i sminkepungen.

Dame som holder fingeren over munnen
Prøv smokey eyes til jul for å la auga skina litt ekstra.

Stilfull med sideskil

Om du står framfor spegelen og lurar på kva du skal gjere med sveisen, kan faktisk eit enkelt grep med kammen vere redninga i år. For etter mange år der midtskilen har dominert, er no sideskilen tilbake igjen for fullt!

- Du kan anten gå for ein sideskil med laust hår eller ein stram, låg hestehale, seier Jeanette, og legg til:

- Men aller mest trendy er det å kombinere den med ein kort bob. Tenk den typiske 2000-tals-frisyra, med glattare front og litt meir volum og rufsa hår bak.

TIPS!

Start gjerne julesesongen med å gje håret litt ekstra pleie form av produkt og ein hårkur tilpassa din hårtype. Det beheld fuktigheita og kvaliteten på håret, og gjer det enklare å jobba med, rådar stylisten.

- Om det er lenge sidan sist, kan det også vere lurt å ta ein tur til frisøren før årets julesesong sett inn. Alt ser litt meir styla ut om du ikkje har lang ettervekst og slitte tuppar.

Dame med kort frisyre
Sideskillen er tilbake, så kvifor ikkje prøva ho til nokon av juleselskapa i år.

Julas mest trendy tilbehøyr

I år er det ikkje berre lysestakane og gåvene under juletreet som kan pyntast med sløyfer, håret kan òg bli ein gavepakke!

- Vi ser veldig mykje av store, svarte fløyelssløyfer for tida, som er ein perfekt måte å gje frisyren det lille ekstra utan alt for mykje innsats, seier Jeanette.

Sløyfa kan for eksempel brukast til halvt oppsett hår eller til å pynte opp ein låg, glatt hestehale.

Går du for hestehalen er eit lurt tips å føne håret i den retninga du ønskjer, før du grer håret rett bakover og festar med ein strikk.

- Det er òg ein del hårstrikk med metallspenne, for eksempel i gull eller sølv som enkelt kan heve frisyren og gjere den litt meir spennande. Ei spenne med strass eller ei fin hårbrosje er òg ein sikker vinnar i år.

TIPS!

Om du ikkje rekk hårvasken før juleselskapet har stylisten eit godt tips:

- Ein tørrsjampo eller teksturprodukt i veska er ei god redning når du må freshe opp håret i farta. Du kan òg bruke eit shineprodukt for å jevne ut håret innerst til ytterst, og setje det i ein hestehale. Da blir alt blankt, og ikkje berre toppen.

Dame med sløyfe i håret
Pynt håret med ei sløyfe til årets juleselskap!