Knarvik Senter støtter Krafttak mot Kreft

Kvinne som samler inn penger til Krafttak mot Kreft
kaffekopp med hjerte og pedals
Velkomen til ein uformell møteplass i samarbeid med Kreftkoordinator i Alver torsdag og fredag i akjsonsveka.

Knarvik Senter støttar Krafttak mot kreft, og pengane frå årets innsamling og gåveauksjon går til forsking på kreft med spreiing.

Vi gler oss til å vere med på ein lokal dugnad i samarbeid med butikkane i senteret og Nordhordland Næringslag. Målet er å samle inn 250 000,- til aksjonen.

GÅVEAUKSJON

Gje din støtte til auksjonen ved å delta i vår gåveauksjon!

By på flotte gåver donert av butikkane i Knarvik Senter. Oversikt over varene i auksjonen blir lagt ut på vår Facebookside torsdag 10. mars.

Auksjonen starter digitalt på Facebook torsdag 10. mars kl. 12, og avsluttast med auksjonsfinale i Knarvik Senter laurdag 12. mars. Alle inntektene går til Krafttak mot Kreft.

Gje din støtte!

Slik kan du støtte aksjonen:

Møteplass

Vi inviterer til ein uformell møteplass på Sentrumstorget i Knarvik Senter for deg som er ramma av kreft og pårørande.

  • Torsdag 10. mars kl. 12-15
  • Fredag 11. mars kl. 12-15

Her kan ein samlast over ein kaffikopp, få informasjon og råd frå kreftkoordinatoren i Alver – eller berre samlast for ein prat.

Krafttak mot kreft

er Kreftforeningen sin årlege stordugnad i kampen mot kreft. I 2022 samlar vi inn penger til forskning på kreft med spredning. Over 300 000 mennesker har eller har hatt kreft i Norge i dag. 3 av 4 overlever, men mange kreftdiagnoser har ingen effektiv standardbehandling når kreften har spredd seg. Håpet ligg i forskningens små og store fremskritt.

Får du ein kreftdiagnose, er statistikken på di side: Tre av fire overlever kreft i Norge i dag. Men med kreften følgjer frykta for det som er enda verre. Det eine ordet ingen kreftpasientar eller pårørande vil høyre: «Spreiing».

Heldigvis overlever fleire kreft, også med spreiing. Sjølv merkelappen «uhelbredelig» er inga endeleg beskjed. Den betyr berre at vi ikkje har ei behandling som kan ta knekken på akkurat din type kreft med spreiing – akkurat no. Men kanskje til sommaren? Eller om eit år? Om ti år?

For alle som har kreft med spreiing – og for alle som er glade i dei – finns det eit håp: Du må berre leve litt til, og litt til, og litt til. Pasientane seier at dei held ut, at de lev frå kontroll til kontroll. Dei orkar å halde livsgleda og motet oppe, fordi dei veit at kreftforskarar i Norge og resten av verda kvar einaste dag gjer store og små framskritt som gjev oss nye, betre og meir treffsikre behandlingsmetodar. Det er desse forskarande og deira arbeid vi støtter i årets Krafttak mot kreft.

Gir du pengar, gir du håp. Forskinga som blir gjort i dag, kjem heile framtida til gode.

Litt meir tid kan bety alt.