Nytt vårmagasin

Vårt nye vår- og påskemagasin er fylt med tips til påskekosen, invitasjon til påskeaktivitetar i senteret og mange lekre vårnyheiter i butikkane.

Senteravisa

Les alt om påskeaktivitetar og få masse vårleg inspirasjon frå butikkane i senteret.

Les magasinet HER.

Pastellfest

Pastellfargar gir ei lett og lys vårstemning, og denne våren finn du pasteller i både klede, interiør og små, fine detaljar.

Årets butikk

Norli er kåra til årets butikk 2025 i AMFI Knarvik. Dette er den aller gjævaste utmerkinga for butikkane i senteret. Med aukande leselyst blant kundane og eit engasjert team som set service først, er Norli ein populær stoppestad for både faste og nye besøkande.

Møt dei nye butikksjefane

Fire nye, engasjerte butikkleiarar har tatt plass i kvar si verksemd på AMFI Knarvik - alle med mål om å skape gode opplevingar for kundane. Anten det handlar om mote, interiør eller mat, eller fellesnemnarane kvalitet, service og trivsel. Les om Only, Novalie, Damas og Princess i magasinet.

Cloud Dancer er årets farge

Kvart år kårar det største fargeselskapet i verda, Pantone, årets farge. I 2026 er det kvitfargen Cloud Dancer som regjerer. Cloud Dancer er ein mjuk og tidlaus offwhite-tone som symboliserer ro. Fargen gir eit lyst, roleg og elegant inntrykk. Kvitfargen er å sjå på både klede, sminke og interiør i vår.

Påskestemning

Kva gir deg ekte påskestemning? Er det dufta av nysteikte vaflar, friske blomar på bordet eller tid saman med dei du er glad i? I magasinet finn du inspirasjonen og dei små detaljane som gjer det enkelt å skape ei varm og triveleg påske - anten du feirar heime, på hytta eller møtest på senteret hos oss.

Bli med på påskemoro

Vi inviterer små og store til påskemoro i AMFI Knarvik laurdag 28. mars. Kos med søte påskekyllingar, bli med på påskeeggjakt, kom i gang med Stolpejakten og handle alt du treng til påskeferien. Les alt om aktivitetane her.

Vår Knarvik Senteravisa
Pastellfest Pastellfargar gir ei lett og lys vårstemning, og denne våren finn du pasteller i både klede, interiør og små, fine detaljar. Foto: Nordhordland Tekst & Foto.
Vår- og påske AMFI Knarvik
Vår- og påske AMFI Knarvik
Nye butikksjefer AMFI Knarvik vår 2026
Vårnyheter frå Classiqa, Zavanna og Only. Foto: Nordhordland Tekst & Foto.
Vår- og påske AMFI Knarvik
Vår- og påske AMFI Knarvik
Vår Knarvik Senteravisa
Antrekk frå Only og Farmors Hus. Foto: Nordhordland Tekst & Foto.
Årets butikk AMFI Knarvik 2025
Norli er kåra til årets butikk 2025. Foto: Nordhordland Tekst & Foto.
Nye butikksjefer AMFI Knarvik vår 2026
Den nye butikksjefen på Novalie. Foto: Nordhordland Tekst & Foto.
Nye butikksjefer AMFI Knarvik vår 2026
Unn deg ein godbit frå Damas i påske. Foto: Nordhordland Tekst & Foto.
Nye butikksjefer AMFI Knarvik vår 2026
Den nye butikksjefen på Princess. Foto: Nordhordland Tekst & Foto.