Kreftforeningen sin innsamlingsaksjon 2026
AMFI Knarvik støttar Kreftforeningen sin Innsamlingsaksjon 2026. Les meir om alt som skjer under innsamlinga og korleis du kan støtte denne viktige saka.
Slik kan du støtte aksjonen
- VIPPS til 451075
Støtte gjennom vår ringedugnad
Vi gler oss til årets lokale ringedugnad i samarbeid med Nordhordland Næringslag, og oppmodar bedrifter i Nordhordland til å bidra i denne viktige saka. Vi har tru på stort engasjement og givarglede under ringeaksjonen tysdag 24. mars. Les meir og gje ditt bidrag her.
Basar laurdag 14. mars
Takk til alle som kom på basar på Sentrumstorget laurdag 14. mars. Takk til alle butikkane i AMFI Knarvik for donering av flotte premiar. Vi samla inn heile 100.000 denne laurdagen!
Initiativ frå butikkane i senteret
Meir informasjon om dette kjem snart.
Kreftforeningen sin innsamlingsaksjon
Pengane frå Kreftforeningen sin Innsamlingsaksjon i åra 2024–2027 går til å gi fleire kreftpasientar tilgang til gentest – ein avansert diagnostisk teknologi som kan opne for nye behandlingsmoglegheiter og gi eit lengre liv til fleire.