Kreftforeningen sin innsamlingsaksjon 2024
AMFI Knarvik støttar Kreftforeningen sin Innsamlingsaksjon 2024. Les meir om alt som skjer i aksjonsveka og korleis du kan støtte ein god sak.
Vi gler oss til å vere med på lokal dugnad i samarbeid med butikkane i senteret og Nordhordland Næringslag.
Målet er å samle inn 300 000,- til aksjonen.
BASAR OG AUKSJONSSTART LAURDAG 9. MARS
Gje din støtte til innsamlinga ved å kome på basar på Sentrumstorget laurdag 9. mars frå kl. 14.00.
- Tre åresal
- Masse flotte premiar gitt av butikkane i AMFI Knarvik
- Vaffelsal ved Ungdomskontakten Salto
- Underhaldning ved bandet "I G-dur"
- Informasjon om innsamlinga ved Kreftforeningen
- Ansiktsmåling for barn kl. 12-14
- Start auksjon på utvalde varer: Måleri gitt av kunstnaren Naysha Sonét, hagegruppe gitt av Europris.
Betaling skjer på Vipps. Alle inntekter går til Kreftforeningen.
Slik kan du støtte aksjonen
• VIPPS til 451075
• Støtte gjennom vår bedriftsstafett! Les meir her.
Kreftforeningen sin innsamlingsaksjon
Kvart år i mars går Kreftforeningen sin innsamlingsaksjon av stabelen, tidligare kalla Krafttak mot kreft. Støtt forsking på morgondagens kreftbehandling. For ingen går gjennom livet utan å bli berørt av kreft. Håpet ligg i forskinga sine små og store fremskritt.