Den beste sommarmaten

Sju spisestader, variert utval og sommarlege smakar. Her er nokre av matopplevingane du kan nyte på AMFI Knarvik i sommar.

4-3_sushi2_sommermat Nordhordlandtekst og foto
Unn deg gode matopplevingar på senteret i sommar. Visste du at vi har sju spisestader i AMFI Knarvik?

iSushi x Roxys

Den kule 50-talsrestauranten ønsker sommaren velkomen med forfriskande boba teas og iskaffe. Menyen på Roxys har fått friskt tilskot av nye burgarar, laga av reine råvarer i eige kjøken. Av klassikarane er Naughty Burger og Spareribs sikre vinnarar, sistnemnde slow cooked over mange timar.

iSushi har no gitt moglegheit til å erstatte ris med salat på poke bowls. Det trur dei tilsette blir ein sommarhit.

Mest populære sushi? Green Dragon og Ebi Kushiro, om du lurte.

Plass til noko søtt? No kjem «Cake of the day». Kvar dag – si kake.

I år har sushi catering til konfirmasjonar tatt av! Om du vil, kan dei òg ta seg av servering til alle slags arrangement. Dei anbefaler Sushi & Sliders om du vil ha det beste frå to verder.

Sjå opningstider her.

Burger King

Hos Burger King går sommaren rett i koppen – iskaffi og creamy shakes er populært på varme dagar. Nye rettar er dessutan på veg inn i sommarmenyen, så det er berre å gle seg.

Klassikaren Whopper er framleis ein folkefavoritt, og så går det myyykje softis desse fine sommarmånadene.

Ein nykomar som allereie har fått ein liten fanskare, er Chimichurri – ein smakfull burger med krydra saus, gourmetkjøt og eit ekstra godt brød. Dette er utvilsamt dei tilsette sin favoritt, og ofte den som blir med dei heim.

Burger King ønsker å vere ein stad for folk i alle aldrar, og dei rosar kundane for å vere hyggelege og greie. Her er det leikerom for dei minste, men etter skuletid er det definitivt ungdommen som er i fleirtal. For dei som ønsker minst mogeleg kø og mest mogeleg ro, er det eit tips å peile seg inn på tida mellom lunsj og skuleslutt, eller utover kvelden. Er du på farten? Då kan du få maten levert rett i bilen – enkelt og greitt.

Dette blir Burger King sin første sommar på senteret, og dei ser fram til å ønske både fastbuande og gjennomreisande velkomne innom!

Sjå opningstider her.

To katter på Loftet

Hos To katter på Loftet smaker sommaren best kald, gjerne med ein mocktal – som Frozen Strawberry Slush eller Pineapple Coconut. Friskt, lett og med eit lite hint av tropisk ferie. På menyen finn du òg Takoyaki (たこ焼き), sprø utanpå og mjuke inni – ein japansk streetfood-klassikar.

Visste du forresten at du kan nyte mat og drikke på takterrassen på fine sommardagar?

Bestseljarane er Loftet Cheese Ramen, Biff og Løk Udon og Gyudon Biff Rice Bowl, men dei tilsette anbefalar den litt meir ukjende Soyamelk Kylling Udon – ei fyldig og overraskande mettande skål. Du kan òg tilpasse rettane, for eksempel byte ut ris med nudlar, og prøv gjerne ein Mochi-is til dessert!

Kokken gløymer aldri denne bestillinga: Doble nudlar, doble egg, dobbelt kjøt og ekstra bok choy! Kanskje ein framtidig “challenge”-rett?

To kattar på Loftet er meir enn ein spisestad, det er også ein møteplass for kultur. Med jamlege arrangement og innslag frå lokale artistar, musikarar og komikarar, er her klart for livlege sommarkveldar.

Frå 11. juni til 19. juli blir det vist ein del fotball-VM-kampar på storskjermen.

Sjå opningstider her.

Folkemunne

Folkemunne er ein hyggeleg møtestad midt på Sentrumstorget der mange tar ein liten matbit undervegs i handlinga, medan andre nyttar den til faste middagsavtalar med venner eller familie. På dagtid i vekene er det mange godt vaksne gjestar innom, medan helgene ofte fyllast av familiar med barn.

Fish & chips, grillmat og biffsnadder er populære og lette rettar no på sommaren, medan hamburgar og pizza er sikre vinnarar året rundt. Likevel er det dette trufaste kundar ofte kjem tilbake for: Heimelaga sosekjøt, laga på gode råvarer og med god tid – ein skikkeleg slow cooking-favoritt.

Når dei tilsette sjølve skal ha noko enkelt med heim etter jobb, blir det som regel pizza. Kjapt og godt, og lett å ta med.

Her er det mest travelt frå lunsj og utover ettermiddagen, så for dei som ønsker litt ro, kan det vere lurt å stikke innom sein ettermiddag. Då senkar tempoet seg litt.

Og likar du raspeballar? Ja då er raspeball-torsdag ein fin dag for deg. Dette er blitt ein tradisjon som gjestar kjem tilbake til – veke etter veke.

Sjå opningstider her.

Damas

Hos Damas handlar sommaren om friske smakar, gode råvarer og mat som gjerne blir delt rundt borda. Her finn du syriske rettar fulle av smak, som kyllingsalat, shawarma-tallerken og smårettar laga med ferske ingrediensar – perfekt på late sommardagar med familie og vener.

Akkurat no er det spesielt shawarma-rull med kylling som går igjen blant favorittane, men også pizza har fått mange faste tilhengarar. Damas Spesial og BBQ Chicken er blant dei mest populære hos kundane, og om du vil, kan du runde av med ei deilig kake til dessert.

Vil du prøve noko litt annleis? Fatayer er ein skjult favoritt! Dei små syriske paiane overraskar mange med sin gode smak. Også den syriske tapas-menyen skaper ofte nye matopplevingar, og kven likar ikkje å få smake fleire ulike rettar i same måltid?

For syrarar er måltidsfellesskap viktig, difor blir dei tilsette glade når restauranten fyllast av familiar, ungdommar og vennegjengar som nyt måltidet saman. Mange kjem innom til lunsj eller tidleg kveld, men sommaren passar også perfekt for lange og sosiale middagar rundt bordet.

Sjå opningstider her.

Big Bite

Stopp gjerne innom Big Bite for raske, enkle og friske måltid, perfekt på farten. Smoothies i tre ulike smakar er ekstra populære no om sommaren.

Her er mykje spenstig å velje mellom, men klassikaren Ost & Skinke er likevel bestseljaren. Dei tilsette sin eigen favoritt er uomstridd: Kyllingkarri i Sub med Bacon – eit tips til kundar som vil prøve noko nytt. Dei trekker og fram Spicy Tuna som ei skjult perle i menyen, sjølv for dei som eigentleg er skeptiske til tunfisk. Dei kan dessutan avsløre at spennande nyhende er på veg inn i sommarmenyen, så det er berre å velje og vrake.

Gjennom året har dei mange skuleelevar og faste lunsjkundar innom, medan sommaren kjem med barnefamiliar, gjennomreisande og hyttefolk.

Det tilsette elskar sommaren med kundar i ekstra godt humør, og stamgjestar er dei veldig glade i, som for eksempel «hyttedama» som kvar einaste sommar kjem tilbake for akkurat den same bestillinga.

Baker Brun

Baker Brun ønsker velkomen innom til både korte pausar eller lengre måltid. Her kan du nyte dagslys under glastaket eller ro og meir privat stemning inne i kaféen.

Skal det vere noko å leske seg på? Prøv ein smoothie med smak av bringebær, mango eller tropisk på ein varm sommardag, eller kanskje ein av iskaffi-variantane.

Blant dei mest populære favorittane akkurat no finn vi toast og mandelknutar. Dei tilsette anbefaler å teste kardemommeknuten: Bolle med mandelfyll, pensla med meierismør og dyppa i sukker og kardemomme. Nam....

Omelett i følge med spinat, fetaost og purreløk har raskt blitt populær, og elles går dei rause smørbrøda aldri av moten. Rekesmørbrødet er ekstra populært på fine sommardagar, medan bestseljaren er og blir Ost & Skinke. Ei av dei uforgløymelege kundehistoriene er om ein gjest som kom tilbake berre for å seie at det var det beste han nokon gong hadde smakt. Kanskje det er pepardressinga som er prikken over i’en?

Kundane her kjem i alle variantar, og med større innslag av hyttefolk og turistar om sommaren. Her er travlast mellom klokka 12 og 14, så kom gjerne før eller etter om du likar rolegare omgjevnader.

Sjå opningstider her.

Pizzabakeren

Hos Pizzabakeren er sommaren like enkel som resten av året: Her kan du velje og vrake frå menyen, enten du går for ein trygg favoritt eller har lyst til å prøve noko nytt.

Pizzabakeren Spesial har lenge vore den store bestseljaren, men blant dei tilsette er Mr. X favoritten. Mr. X er òg ingrediens i favoritt-kundehistoria: Ein kunde ringde for han hadde fått feil pizza levert. Dei tilsette venta ein klage, men i staden fekk dei ein stor takk. Kunden hadde no fått seg ein ny favoritt, og har aldri bestilt nokon annan pizza sidan.

Vil du ha ei overrasking? Prøv Nr. 8, Biffen, ein favoritt for dei som ønsker seg noko sommarleg.

Pizzabakeren legg vekt på service, pris og kvalitet, og har både fastbuande og ferieturistar i kundegruppa. Kundane får anten levert heim eller i bilen, eller dei stikk innom og hentar sjølve.

Dei tilsette har til slutt eit bonustips: Hald på maten – måkene er òg svoltne. Det erfarte ein gjest ein sommar, men heldigvis var det raskt å lage ny pizza.