Kunstrunden med utstillingar og aktivitetar

To hender maler akrylmaling
Kvinne i grønn genser og mann som holder oransje tre-fisk
Elin Alver, kunstnar og Cato Pisani Danielsen frå Kunstrunden med fisken som er symbolet til Kunstrunden.
Akvarellsskrin og akvarell av harepus
Påske er ei fin tid for kunst og kreative aktivitetar. Finn fram kunstnaren i deg - bli inspirert på utstilling og fellesaktiviteter i senteret. Leik vidare heime i påska!

Laurdag 9. april kan du ta deg ein «kunstrunde» og delta på eit «sosialt kunstverk» i Knarvik Senter – alt som ein del av Kunstrunden Nordhordland 2022.

Kunstrunden er ein utstillingsarena for kunstnarar i Nordhordland, med heile 13 utstillingsstadar. Knarvik Senter er med som utstillingsstad for fyrste gong i år. Tanken med Kunstrunden er at ein kan reise rundt i galleri og atelier og sjå kunsthandverk produsert av både lokale og innbedne kunstnarar. Det er lagt opp til møte mellom utøvarar og besøkjande, og møte med spennande stader og kunstnarar som du kanskje ikkje visste fanst.

Fellesutstilling i Knarvik Senter

Laurdag 9. april opnar Kunstrunden si fellesutstilling i «Audi-lokalet» på Sentrumstorget i Knarvik Senter. Utstillinga blir ståande gjennom heile påska med opningstid kl. 12-17 (påskeaftan 12-16). Her kan du oppleve kunst av dei fleste deltakarane i Kunstrunden.

Det blir også utstillingar og aktivitetar fleire stader i senteret – både biblioteket og Innbyggjarservice er med i kunstprosjektet. Frå fredag 15. april - søndag 17. april er det utstillingar 12 andre stader i Nordhordland.

Eksperimentell kunst

Elin Alver er ein av utstillarane på fellesutstillinga i senteret. Den folkekjære kunstnaren har drive med kunst i ulike formar heile sitt vaksne liv, og fekk Alver kommune sin kulturpris for arbeidet sitt i 2021. Ho er kjend for å vere ein nyskapande kunstnar som er levande oppteken av å ta vare på gamle handverkstradisjonar og teknikkar. Alver blandar gjerne ulike teknikkar og materiale i arbeidet sitt. Ho arbeider eksperimentelt både med ull, stein og akvarell.

Elin har med seg to av arbeida sine til utstillinga i Knarvik Senter. Du kan møte ho på fellesutstillinga laurdag 9. april. Om du ønskjer å sjå meir av kunstnaren Elin Alver kan du også besøke ho heime i atelieret hennar seinare i påska som ein del av Kunstrunden.

Sosialt kunstverk og teikneaktivitetar

Bli med å lage kunst i Knarvik Senter med Kunstrunden.

  • Sentrumstroget laurdag 9. april kl. 13-16

Har du ein kunstnar i magen? Liker du å måle? Bli med på eit sosialt kunstverk for vaksne! Mål ein del av eit stort bilete som til slutt blir sett samen til ein flott bilete-mosaikk. Ved Gro Fyllingsnes, eigar av Galleri Gamleskulen, biletkunstnar og ikonmålar.

For born - Teikneaktivitetar for born ved keramikar og barnebokforfattar Cathrine Hagesæther.

Kunstrunden - andre aktiviteter i senteret

  • Utstilling på Innbyggjarservice – Oddvar Fyllingsnes
  • Utstilling for born på biblioteket – «Trollverden» ved Cathrine Hagesæter