Nytt namn - same folk!

Om Emma Sofie fekk velje namn sjølv, ville det vore Kitty Kat.
Om Jonas fekk velje namn sjølv, ville det vore Dinosaur Rex.
Om Signe fekk velje namn sjølv, ville det vore Bambi.
Om Andrine fekk velje namn sjølv, ville det vore Tussi Tusseluss

Knarvik Senter pussar opp, og skifter namn til AMFI Knarvik. Den gode servicen, og dei gode folka er uendra.

Kva er eit namn?

Eit namn er viktig for identiteten vår. Namnet vårt har vi fått som barn, vi får ikkje velje det sjølv, og likevel påverkar namnet livet vårt kvar einaste dag.

Ein kan naturlegvis endre namn når ein blir vaksen. Men det endrar ikkje kven vi er. Som folk. Eller som senter.

Å velje namn

Vi har spurt nokre av barna på AMFI Knarvik, kva dei ville heite om dei fekk velje namn sjølv?

Om Emma Sofie fekk velje namn sjølv, ville det vore Kitty Kat. Men Emma Sofie ville framleis vore ei smilande og blid jente som likar dinosaurar og elskar å teikne.

Om Jonas fekk velje namn sjølv, ville det vore Dinosaur Rex. Men Jonas ville framleis vore ein glad gut som likar å leike med vener og gå tur i fjellet.

Om Andrine fekk velje namn sjølv, ville det vore Tussi Tusseluss. Men Andrine ville framleis vore ei snill og grei jente som likar å spele handball og gitar.

Om Signe fekk velje namn sjølv, ville det vore Bambi. Men Signe ville framleis vore ein morosam og glad jente som likar fotball og Roblox.

Sjølv om Knarvik Senter no skiftar namn til AMFI Knarvik, vil folka, den gode servicen og den lokale tilhøyrigheiten vere den same.

AMFI Knarvik. Nytt namn - same folk

Opningsfest

Den 20. oktober er den offisielle opningsdatoen for AMFI Knarvik. Vi inviterer til storslagen opningsfest 20. - 22. oktober – med mykje moro, festtilbod og flotte innslag og aktivitetar for store og små. Velkomen til eit nyoppussa og flott senter.

Meir informasjon om åpningsfesten kjem snart.