Opning av Stolpejakten Alver 2026
Bli med på den offisielle opninga av den populære Stolpejakten Alver på Sentrumstorget i AMFI Knarvik palmelaurdag kl. 12.00.
Legg til i kalender
- Når
- 28. mars kl. 12.00–13.00
- Hvor
- Sentrumstorget
Den populære Stolpejakten Alver er endeleg i gang igjen.
Tradisjonen tru markerer vi den offisielle opninga palmelaurdag kl. 12 på Sentrumstorget, saman med ordførar Sara Hamre Sekkingstad.
Bli med på ein frisk og flott tur i nærmiljøet – det er plassert fleire stolpar i nærleiken av senteret. Registrer dine første stolpar, og kom inn igjen og få ein gratis halv Sub frå BigBite.
Ein perfekt start på ein aktiv påskeferie.